Tårnsennep er ein framand art som berre er funnen éin gong i Noreg, truleg komen inn med korn. Arten kjem opphaveleg frå Nord-Amerika.

Innhold

Tårnsennep er toårig, kan bli opptil 1 m høg, og er tett gråhåra, mest med uregelrett fleirgreina (dendroide) hår. Blada er finna med heile småblad. Blomestanden er ein klase som strekkjer seg mykje i fruktstadiet. Kronblada er gule og 1,2–2 mm lange. Frukta er ei grann og linjeforma langskulpe, oftast 5–10 mm lang, tilspissa i begge endane og noko knudrete. Fruktene sit på korte (2–10 mm), noko tiltrykte skulpeskaft. Frøa sit i éi rekkje i kvart skulperom.

Tårnsennep er di- og tetraploid med grunntal x = 7 og kromosomtala 2n = 14 og 28. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Tårnsennep er framand og berre funnen éin gong i Noreg, som ugras på kompost i eit gartneri på Grefsen i Oslo i 1937. Det er mest truleg at frøa var komne inn med nordamerikansk korn, og at avfallet etter reinsing av kornet vart brukt som gjødsel i gartneriet.

Arten er heimleg i store delar av vestlege Nord-Amerika og i prærieregionen i Midtvesten. Funnet i Noreg synest vere det einaste i Europa.

Forvekslingar

art

Møllesennep

Descurainia pinnata
NR
Ikke risikovurdert

Tårnsennep blir truleg ikkje forveksla med andre plantar enn andre artar av slekta Descurainia. Han skil seg frå både hundesennep Descurainia sophia og møllesennep Descurainia pinnata i dei tiltrykte skulpene i fruktstanden. Han er òg mykje tettare håra enn begge dei to andre.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Goodson BE og Al-Shehbaz IA (2010). Descurainia Webb & Berthelot. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 518–529.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 9/12/2022

Om denne siden

Publisert: 20. september 2023
Forfattere
Reidar Elven
Hanne Hegre
Utgiver
Naturhistorisk museum, Universitetet i Oslo
FlowerPower