Åkeradonis kjem opphaveleg frå Sør-Europa, Middelhavsområdet og Vest-Asia aust til Iran. Arten er framand hos oss. Han er komen inn med korn, grasfrø og grønsakfrø og er funnen nokre få gonger på spreidde stader i Sør-Noreg.

Innhold

Kjenneteikn

Åkeradonis er ei eittårig, nokså lågvaksen urt (10–40 cm høg) med fjørdelte blad med trådforma flikar. Blomane er 1,5–2,5 cm breie med 5–8 raude kronblad som oftast har ein svart flekk ved grunnen. Kronblada manglar nektargrop. Smånøttene er snaue.

Kromosomtal

Tetraploid med grunntal x = 8. 2n = 32. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Åkeradonis er funnen som ugras i åker, ved møller og på avfallsplassar svært spreidde stader i Sør-Noreg: Oslo, Tønsberg og Sandefjord (Vestfold), Bergen (Hordaland) og Skaun og Trondheim (Sør-Trøndelag). Arten er ikkje bufast hos oss og har ikkje synt noko teikn til formeiring. Han er heller ikkje bufast nokon annan stad i Norden. Åkeradonis er heimleg i Sør-Europa, Middelhavsområdet og Vest-Asia aust til Iran.

Forvekslingar

Åkeradonis har ingen forvekslingsartar.

Kjelder

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.

Parfitt BD (1997). Adonis Linnaeus. I: Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 3. Magnoliophyta: Magnoliidae and Hamamelidae: 184–187.

Om denne siden

Publisert: 26. januar 2022
Forfattere
Hanne Hegre
Reidar Elven
Utgiver
Naturhistorisk museum, Universitetet i Oslo

Siden siteres som

Hanne Hegre, Reidar Elven: åkeradonis Adonis annua L.

Hentet fra https://artsdatabanken.no/arter/takson/130064/beskrivelse