Krossblomfamilien er ein nokså stor familie av karplantar med over 370 slekter og over 4000 artar, utbreidde over om lag heile jorda, frå Arktis i nord til Antarktis i sør. Familien omfattar eitt- til fleirårige urter og nokre halvbuskar og buskar. I Noreg er familien ein av dei største, med 60 slekter og om lag 155 artar. Ei rekkje grønsak- og krydderplantar høyrer til krossblomfamilien, mellom anna alt som heiter noko med ‘kål’, ‘karse’ og ‘reddik’ og ‘sennep’. Mange av desse har vore dyrka i minst eit par tusen år og er viktige kulturplantar. Nokre artar blir dyrka som prydplantar, men familien er ikkje mellom dei viktigaste i norske hagar.
Navn og taksonomi
- Vitenskapelig navn:
- Brassicaceae Burnett
- Synonymer:
- Ingen
- Bokmål:
- korsblomstfamilien
- Nynorsk:
- krossblomfamilien
- Nordsamisk/Davvisámegiella:
- Ingen
- Vitenskapelig navn ID:
- 101069
- Takson ID:
- 61029
Taksoner i artsgruppen
Registrerte funn
Registrerte funn i Norge
Bilder av arter i artsgruppen
Page cited as
Artsdatabanken: Korsblomstfamilien Brassicaceae
Hentet fra https://artsdatabanken.no/arter/takson/61029