Artsprosjekt: Meiofauna i det marine interstitium i Skagerrak (MeioSkag)

Ein stor del av det biologiske mangfaldet i havet finst i rommet mellom sandkorna, grusen og steinane på botnen, det såkalla marine interstitium. Men kunnskapen om desse artane er mangelfull.

Innhold

Av
Torsten Hugo Struck
Utgiver
Naturhistorisk museum, Universitetet i Oslo
Last ned (102.54 KB, JPG)

Fakta om prosjektet

Prosjektnavn: Meiofauna and interstitial fauna of four lophotrochozoan groups of the Skagerrak (MeioSkag)
Prosjektnummer: 2-24
Prosjektleder: Torsten Hugo Struck
Institusjon: Naturhistorisk museum, Universitetet i Oslo
Periode: 2024–2027
Status: Pågår

Prosjektets formål

Trass i meiofaunaens viktige rolle i økosystema er kunnskapen om taksonomien, utbreiinga og økologien til desse artane, i beste fall mangelfull både globalt og i Noreg. Informasjonen som eksisterer, er ofte berre på rekke- eller familienivå, sjeldan på slekts- eller artsnivå. I tillegg er det mange uavklarte taksonomiske spørsmål, inkludert kryptiske artar. Det er derfor på tide å samle inn og kartleggje artar frå den norske meiofaunaen.

Fordi kunnskapshola er så store, vil prosjektet måtte konsentrere seg om berre nokre få grupper. Hovudmålet er å lage ei oversikt over meiofauna og interstitial fauna for dei to rekkene Gastrotricha og Gnathostomulida, og også fire ordenar av flatormar og ti familiar av leddormar.

Prosjektet skal òg hente inn kunnskap om desse artane si utbreiing og tilknyting til naturtypar (Natur i Noreg, NiN), og bidra med DNA-strekkodar til NorBOL for meiofaunaen i Noreg.

Om meiofauna

Mangfaldet kjent som meiofauna eller interstitiell fauna, inneheld artar frå dei fleste dyregrupper. Dei er eit viktig bindeledd i økosystemet, mellom mikrofauna, som bakteriar og protistar, og makrofauna som større ormar, sniglar og blåskjel.

Av
Torsten Hugo Struck
Utgiver
Naturhistorisk museum, Universitetet i Oslo
Last ned (349.24 KB, JPG)

Gjennomføring

Av
Torsten Hugo Struck
Utgiver
Naturhistorisk museum, Universitetet i Oslo
Last ned (677.7 KB, JPG)
Her er det laga hol i stranda heilt ned til grunnvatnet.

For å komplementere eigne funn vil prosjektet digitalisere tidlegare funn som er rapportert i litteraturen.

Geografisk skal prosjektet konsentrere seg om den norske kystlinja i Skagerrak, frå foten av sanddynene ned til 50 meters djup. Innsamling av meiofauna vil skje ved å samle inn sediment frå dei utvalde lokalitetane. Meir spesifikt skal det samlast sediment frå tre djupnesoner på ti lokalitetar.

I laboratorium skal artar ekstraherast frå sedimenta, for deretter å bli identifiserte til artsnivå ved hjelp av morfologiske og molekylære metodar.

Artane vil bli fotodokumenterte ved hjelp av mikroskop, og det vil bli laga ein identifiseringsnøkkel basert på bileta.

Prosjektet skal ha tiltak som sørger for at kunnskap om artane i meiofaunaen blir overført til neste generasjon taksonomar. Meir spesifikt skal prosjektet lære opp ein teknikar, og dessutan bachelor og masterstudentar.

Det vil òg bli arrangert ein workshop.

Av
Torsten Hugo Struck
Utgiver
Naturhistorisk museum, Universitetet i Oslo
Last ned (751.83 KB, JPG)
Samling av sedimentprøver frå stranda. Prøvane vil bli tekne heilt nede til grunnvatnet.
Av
Torsten Hugo Struck
Utgiver
Naturhistorisk museum, Universitetet i Oslo
Last ned (370.04 KB, JPG)
Mikroskopering må til for å sortere og identifisere dei små dyra.
Av
Torsten Hugo Struck
Utgiver
Naturhistorisk museum, Universitetet i Oslo
Last ned (507.36 KB, JPG)
Posar med ulike sedimentsprøvar frå stranda. Frå desse prøvene vert meiofaunaen ekstrahert.
Av
Torsten Hugo Struck
Utgiver
Naturhistorisk museum, Universitetet i Oslo
Last ned (309.16 KB, JPG)
Ekstraheringa skjer ved hjelp av havismetoden. Etterkvart som havisen som ligg på toppen av røra med sedimenprøver smeltar, vil dyra flytte nedover heilt til dei ender opp i skåla under.

Resultater

Resultat frå prosjektet vil bli publiserte vitskapleg, og også populærvitskapleg. I tillegg skal resultata frå Meiofauna i Skagerak bli inkluderte i ei ny utstilling om dyra som vi planlegg akkurat no.