Slik spreier framande artar seg til naturen

Dei fleste framande artane kjem ut i naturen som blindpassasjerar, forureining, eller gjennom rømming og forvilling. Kunnskap om spreiingsvegar gjer det lettare å sette inn målretta tiltak for å bekjempe arten.

Innhold

Framandartslista 2023: Spreiingsvegar i tal

  • Over 2 240 artar har informasjon om spreiingsvegar.
  • Omlag 1400 risikovurderte framande artar har allereie spreidd seg til naturen.
  • Blindpassasjerar og forureining er den vanlegaste spreiingsvegen.
  • Nær halvparten av artane spreier seg frå hagar, anlegg eller andre produksjonsområde.
  • Ein av fire artar spreier seg direkte til naturen. Til dømes frå naboland der den òg er framand.

Korleis spreier framande artar seg til norsk natur?

Framande artar kjem til Noreg og spreier seg vidare i naturen på ulike måtar. Kunnskap om spreiingsvegane gjer det lettare å forstå korleis artane etablerer seg, og kvar førebygging og tiltak kan ha størst effekt.

Fem hovudkategoriar:

Blindpassasjer/forureining

Arten blir ikkje transportert inn på eiga hand, men følgjer med varer, plantar, jord, emballasje, køyretøy eller andre organismar som blir frakta over landegrenser.

Rømming/forvilling

Arten har rømt frå eit oppdrettsanlegg eller forvilla seg frå ein hage. Kategorien omfattar òg artar som blir spreidde gjennom hageavfall.

Utsetting

Arten er med vilje sett ut i naturen av menneske.

Korridor

Arten spreier seg på eiga hand gjennom menneskeskapte strukturar, som tunnelar og bruer.

Eigenspreing

Arten spreier seg på eiga hand utan hjelp frå menneskeskapte strukturar, til dømes frå naboland. Arten må vera framand i det området han spreier seg frå.

Vanlege måtar framande artar spreier seg på

Dei fleste framande artar spreier seg gjennom rømming og forvilling eller som blindpassasjerar.

Mange framande artar oppheld seg først på eit produksjonsareal før dei spreier seg vidare ut i naturen ved forvilling eller rømming. Dette gjeld til dømes framande treslag som vert importerte, prydplanter til bruk i hagar og parkar og importerte hobbydyr.

Framande artar kan og følgje med varer og transportmiddel utan at vi er klar over det. Desse artane blir kalla blindpassasjerar.

Frå hage til natur

Forvilling frå hagar er ei viktig kjelde til spreiing av framande plantar. Det finst òg mange døme på at hageavfall blir kasta i naturen. Då kan framande plantar slå rot og etablere nye bestandar langt frå staden der dei opphavleg vart planta.

Døme på artar som kan spreie seg på ulike måtar

Hageplanta honningknoppurt har spreidd seg til naturen gjennom forvilling og dumping av hageavfall.

Ferskvassreka Neocaridina davidi er førebels ikkje funnen i norsk natur, men det er venta at ho kan bli spreidd gjennom utsetjing eller ved at akvarium blir tømde utandørs. Arten kan også bere eggsporesoppen Aphanomyces astaci, som forårsakar krepsepest.

Sneglen Theba pisana spreier seg som blindpassasjer med plantar og andre varer.

Lilla blomst med lange frynsete kronblader og grønne blader
SE
Svært høy risiko
Oransje reke mellom vannplanter på bunn av små steiner
SE
Svært høy risiko
Bleikgul snegle med sneglehus som er bleikgult med mellombrunt spiralmønster. Kryper på stein.
HI
Høy risiko

Sjå spreiingsvegane for enkeltartar

I Framandartslista kan du sjå kva spreiingsvegar som er registrerte for kvar enkelt art. Under fanen Figurar kan du òg sjå fordelinga av spreiingsvegar for eit valfritt artsutval (gjeld Framandartslista 2023).

Spørsmål og svar

Kva er den vanlegaste spreiingsvegen for framande arter i Noreg?

Flest framande artar spreier seg til naturen som blindpassasjerar eller som forureining på andre artar. I Fremmedartslista 2023 vart  53 prosent av artene spreidde til naturen ved å «følgje med på lasset».

Kva er skilnaden på rømming, forvilling og utsetjing?

Ved rømming eller forvilling har arta spreidd seg inn i naturen frå oppdrett eller andre produksjonsareal. For plantar nyttar vi omgrepet forvilling, ikkje rømming.

Framande artar i hagen? Dette bør du vite.

Ved utsetjing blir arta med vilje set ut i naturen. Dette gjeld til dømes artar som blir satt ut til sportsfiskeføremål slik som suter Tinca tinca. Utsetjing av moskusfe på Dovre er eit anna døme.


Siden siteres som

Fremmedartslista 2023, Artsdatabanken, Slik spreier framande artar seg til naturen

Hentet fra https://artsdatabanken.no/arter/fremmedartslista/om-fremmedartslista/slik-spreier-framande-artar-seg-til-naturen