Risikokategoriar og kriterium
Kva risikokategori ein framand art blir vurdert til, er avhengig av arten sitt invasjonspotensial og den økologiske effekten han har. Desse to faktorane blir fastsette ut frå arten sin skår på ni kriterium, A–I.
Innhold
Risikovurderinga av framande artar blir utført etter metoden Generic Ecological Impact Assessment of Alien Species
Du kan du lese meir om metoden i retningslinjer for økologisk risikovurdering av fremmede arter.
Risikokategoriar
På grunnlag av vurderinga mot ni kriterium blir artane klassifiserte i éin av dei følgjande fem kategoriane:
- ingen kjend risiko (NK)
- låg risiko (LO)
- potensielt høg risiko (PH)
- høg risiko (HI)
- svært høg risiko (SE)
Artar som er vurderte til ein av desse fem kategoriane, utgjer Framandartslista.
Artar som fell utanfor definisjonane og avgrensingane, blir ikkje risikovurderte og får kategorien ikkje risikovurdert (NR).
Den økologiske risikoen ein framand art utgjer, er ein kombinasjon av arten sitt invasjonspotensial og den økologiske effekten han har. Dette kan framstillast i ein todimensjonal matrise, der x-aksen viser arten sitt invasjonspotensial og y-aksen den økologiske effekten.
Ein framand art som skårar høgt både på invasjonsaksen og effektaksen, utgjer ein høg økologisk risiko i naturen og hamnar dermed i ein høg risikokategori.
Invasjonspotensial
Arten sitt invasjonspotensial blir fastsett ut frå arten sin skår på tre kriterium:
- A-kriteriet: Levedyktigheit
Estimerer den mediane levetida til bestanden, målt i år.
- B-kriteriet: Ekspansjonshastighet
Estimerer kor raskt arten kan spreie seg, målt i meter per år.
For å kunne påverke norsk natur må ein art både vere levedyktig og kunne ekspandere i Noreg. Difor blir ikkje verdiane for A- og B-kriteriet vurderte isolert, men alltid som produktet av dei (A × B).
- C-kriteriet: Kolonisering av naturtype
Estimerer kor stor andel (%) av ein naturtype arten kan kolonisere.
Økologisk effekt
Arten sin økologiske effekt blir fastsett ut frå arten sin skår på seks kriterium:
- D-kriteriet: Effektar på trua artar/nøkkelartar
Estimerer graden av negative interaksjonar med trua artar og nøkkelartar.
- E-kriteriet: Effektar på andre stadeigne artar
Estimerer graden av negative interaksjonar med stadeigne artar.
- F-kriteriet: Effektar på trua/sjeldne naturtypar
Estimerer kor stor del av naturtypen som blir endra på grunn av den framande arten.
- G-kriteriet: Effektar på andre naturtypar
Estimerer kor stor andel av naturtypen som blir endra på grunn av den framande arten.
- H-kriteriet: Overføring av genetisk materiale
Estimerer sannsynet for at arten fører til genetisk forureining av stadeigne artar og trua artar/nøkkelartar.
- I-kriteriet: Overføring av parasittar eller patogen
Estimerer sannsynet for at ein framand art kan overføre parasittar eller sjukdomsframkallande organismar til stadeigne artar og trua artar/nøkkelartar.
Det er berre negative økologiske effektar som blir vurderte.
Dei kriteria arten skårar høgast på, for invasjonspotensial og økologisk effekt, avgjer arten si plassering langs dei to aksane i risikomatrisen.
Usikkerheit kring kategori
Risikovurderingar er estimat baserte på tilgjengeleg kunnskap, og det vil alltid vere ein viss grad av usikkerheit knytt til dei. I nokre tilfelle finst det ikkje nok kunnskap, slik at det er vanskeleg å vurdere arten til ein bestemt risikokategori. I slike tilfelle markerer vi dette ved å setje den alternative kategorien i parentes.
Til dømes vil ein art som er vurdert til kategorien høg risiko (HI), men der det er usikkert om han heller burde vore vurdert til den mindre alvorlege kategorien låg risiko (LO), bli oppført som HI (LO).
Last ned retningslinjer
Retningslinjene for Fremmedartslista 2029:
Retningslinjene for Fremmedartslista 2023:
Siden siteres som
Fremmedartslista 2023, Artsdatabanken, Risikokategoriar og kriterium
Hentet fra https://artsdatabanken.no/arter/fremmedartslista/om-fremmedartslista/slik-vurderer-vi-risiko/risikokategoriar