Artar og vurderingsområde
Framandartslista 2023 omfattar risikovurderingar av meir enn 2300 artar i dei to vurderingsområda Fastlands-Noreg med havområde og Svalbard med kystsone.
Innhold
Kva framande artar blir risikovurderte?
I arbeidet med å risikovurdere framande artar har det vore nødvendig å gjere avgrensingar, både for kva som skal vurderast og for kva geografiske område vurderingane skal gjelde.
Kort oppsummert omfattar dei risikovurderte artane to grupper: artar som allereie reproduserer seg sjølvstendig utandørs, og dørstokkarter.
Arter som reproduserer seg sjølvstendig utandørs
Godt og vel halvparten av dei framande artane som blir risikovurderte, er artar som reproduserer seg sjølvstendig utandørs. Dette er artar som kan få levedyktig avkom utandørs utan direkte hjelp frå menneske.
Nokre har reprodusert seg sjølvstendig i Noreg i lang tid, som kanadagås og europalerk, medan andre, som hamnespy og hageblåbær, vart risikovurderte for første gong i 2023 som sjølvstendig reproduserande utandørs.
Dørstokkartane
Dette er artar som i dag ikkje reproduserer seg sjølvstendig utandørs i Noreg, men som truleg vil gjere det i løpet av dei neste 50 åra. Til denne gruppa høyrer òg artar som kan ha ein negativ økologisk effekt sjølv om dei ikkje vil klare å etablere seg her på lang sikt.
Eit døme på den sistnemnde gruppa er tropiske krepsdyr som blir importerte til Noreg for bruk i akvarium. Mange av desse artane er for varmekrevjande til å overleve dersom dei kjem ut i naturen. Men før dei døyr, kan dei rekkje å spreie sjukdomsframkallande organismar til stadeigne artar.
1800-grensa og krav til etablering
Å risikovurdere alle artar som nokon gong har kome til Noreg ved hjelp av menneske, ville vere ei nær umogleg oppgåve.
Mange av desse artane kom til landet for svært lang tid sidan, og vi har lite eller inga dokumentasjon på når eller korleis dei kom hit, eller når dei vart etablerte. Difor er det sett ei tidsgrense for kva framande artar som skal risikovurderast.
Framande artar som allereie var etablerte i Noreg per år 1800, blir ikkje risikovurderte. Les meir om 1800-tallsgrensa.
For å bli rekna som etablert i Noreg må arten ha oppretthalde ein bestand på meir enn 20 sjølvstendig reproduserande individ i ein samanhengande periode på meir enn 10 år.
Regionalt fremmede arter
Regionalt framande artar kan risikovurderast, men 1800-grensa gjeld òg for desse. Det betyr at dersom den regionalt framande arten var etablert i vurderingsområdet per år 1800, blir han ikkje risikovurdert.
I Framandartslista 2023 blir berre regionalt framande ferskvassfiskar risikovurderte.
Taksonomisk nivå
Risikovurdering blir først og fremst gjort på artsnivå, men takson under artsnivå, og òg eincella artar, kan vurderast dersom det er behov for det.
Takson under artsnivå omfattar mellom anna underartar, varietetar, rasar, kultivarar og hybridar. Genmodifiserte organismar (GMO) blir ikkje risikovurderte.
Takson under artsnivå blir risikovurderte etter dei same kriteria som artar. Dei blir likevel berre vurderte når ekspertgruppene meiner det finst tilstrekkeleg dokumentasjon, og når taksonet skil seg så mykje frå resten av arten at det er nødvendig å risikovurdere det separat.
Vurderingsområda
Risikovurderingane av framande artar blir gjorde i dei to vurderingsområda Fastlands-Noreg med havområde og Svalbard med kystsone. Dette inneber at ein art som er stadeigen (ikkje framand) i Fastlands-Noreg, men som blir innført til Svalbard ved hjelp av menneske, blir rekna som framand på Svalbard – og omvendt.
Fastlands-Noreg med havområda omfattar:
- Fastlandet og øyane langs kysten (324 000 km²)
- Havområda innanfor territorialgrensa og den norske økonomiske sona på 200 nautiske mil (om lag 965 000 km²)
- Fiskevernsona rundt Svalbard på 200 nautiske mil (com lag 715 312 km²)
- Fiskerisona, inkludert territorialfarvatnet, rundt Jan Mayen på 200 nautiske mil (om lag 293 000 km²)
Svalbard med kystsone omfattar:
- Spitsbergen med omkringliggjande øyar
- Bjørnøya og Hopen, slik dei er definerte i Svalbardtraktaten av 9. februar 1920 (om lag 61 000 km²)
- Kystsona rundt øyane innanfor 12 nautiske mil
Ikkje alle artsgrupper blir vurderte for Svalbard. I Framandartslista 2023 gjaldt dette følgjande artsgrupper:
- Fiskar
- Karplantar
- Marine virvellause dyr
- Pattedyr
Vurderingsområde for regionalt framande artar
Vurderingsområdet for ein regionalt framand art er avgrensa til område der arten er regionalt framand i Fastlands-Noreg med havområde
I Framandartslista 2023 er det, som nemnt, berre regionalt framande ferskvassfiskar som er risikovurderte. For desse artane blir vassregioner eller vassområde frå miljøforvaltninga sin Vassportal nytta som vurderingsområde. Vurderingsområde er alle vassregioner der arten ikke finnes naturlig.
Du kan òg lese meir om kva artar som skal vurderast, og kva areal som inngår i vurderinga.
Siden siteres som
Fremmedartslista 2023, Artsdatabanken, Artar og vurderingsområde
Hentet fra https://artsdatabanken.no/arter/fremmedartslista/om-fremmedartslista/slik-vurderer-vi-risikoen-til-framande-artar/artar-og