Sentrale omgrep i risikovurderinga
I arbeidet med å risikovurdere framande artar har nokre omgrep ei særskild betydning. Førekomstareal, ekspansjonshastigheit og norsk natur er tre slike omgrep som det kan vere nyttig å kjenne til.
Innhold
Førekomstareal - og korleis det blir berekna
I risikovurderinga av framande artar følgjer vi framgangsmåten til Verdas naturvernunion (IUCN) for å fastsetje ein art sitt førekomstareal. Førekomstareal er med andre ord ein internasjonal og standardisert storleik som kan nyttast for alle artar.
For å berekne førekomstarealet til ein art må ein vite kor mange førekomstar arten har.
- Ein førekomst er ei rute på 2 km × 2 km (4 km²) der arten lever, det vil seie der han finn mat, skjul, overvintrar eller formerer seg.
- Førekomstarealet til ein art svarer då til talet på førekomstar multiplisert med 4 km2.
- Dersom ein art har tre førekomstar, har han eit førekomstareal på 12 km² (3 førekomstar × 4 km²).
- Det har ingen betydning om dei tre førekomstane heng saman i eitt område eller er spreidde over heile landet. Førekomstarealet vil i dette tilfellet vere 12 km² uansett.
Kor mange individ av ein art som finst i kvar førekomst, eller kvar i ruta arten finst, spelar heller inga rolle.
Kartet under er delt inn i ruter på 2 × 2 km. Alle rutene der planten skjermleddved (Lonicera involucrata) er funnen, er ein førekomst for denne arten, og er markerte med ei lilla rute. Det inneber at skjermleddved har totalt åtte førekomstar, og dermed blir førekomstarealet 8 × 4 km² = 32 km² i kartutsnittet.
Forklaring av begrepene
Ei meir utfyllande forklaring av omgrepa førekomstareal, ekspansjonshastigheit og norsk natur finn du i Retningslinjer for økologisk risikovurdering av fremmede arter (pdf).
Produksjonsarealet er ikkje ein del av førekomstarealet
Produksjonsareal, det vil seie areal som er sette av til produksjon av bruksartar, blir ikkje tekne med når førekomstarealet blir berekna. Ein bruksart er ein art som blir nytta til nytteføremål i landbruk, hagebruk, hagar, grøntanlegg, akvakultur, oppdrett, som kjæle- eller hobbydyr, eller ein art som blir innført som mat, fôr eller agn.
Til dømes vil produksjonsarealet til sitkagran vere plantefelta der arten er planta. Desse skal ikkje reknast med i førekomstarealet til arten. Dersom sitkagrana derimot spreier seg til ein furuskog eller til eit plantefelt med vanleg gran, skal desse områda reknast med i sitkagran sitt førekomstareal.
I risikovurderinga blir førekomstarealet brukt til å estimere arten si ekspansjonshastigheit (B-kriteriet) og til å berekne kor lenge arten kan oppretthalde ein
Ekspansjonshastigheit - og korleis den blir berekna
Ekspansjonshastigheita til ein art blir fastsett ut frå talet på nye førekomstar over tid, uavhengig av om dei nye førekomstane oppstår nær eksisterande førekomstar eller langt unna.
Nye førekomstar av ein art kan vere resultat av alle former for spreiing, både naturleg spreiing og spreiing som følgje av menneskeleg aktivitet. Dette inneber at ekspansjonshastigheita kan vere mykje større enn arten si naturlege eigenspreiing.
Når ekspansjonshastigheita blir berekna, er det perioden med størst auke i førekomstarealet som skal leggjast til grunn. Dersom ekspansjonen er venta å bli større i framtida enn han har vore til no, kan òg framtidige estimat for førekomstareal nyttast.
Måleininga for ekspansjonshastigheit er meter per år. Det tyder at auken i førekomstareal blir rekna om til auke i meter per år.
Korleis denne omrekninga blir gjort, kan du lese meir om ved å laste ned retningslinjer for økologisk risikovurdering av fremmede arter.
Kva er norsk natur i risikovurderinga av framande artar
Alle har eit forhold til norsk natur – til myra, skogen, fjellet eller havet. Når Artsdatabanken nyttar omgrepet norsk natur i arbeidet med risikovurdering av framande artar, har det likevel ei særskild tyding.
I retningslinjene for risikovurdering er norsk natur definert slik:
«Norsk natur omfattar alle delar av Noreg som er utandørs (inkludert sterkt endra natur), samt raudlistevurderte artar som finst der. For bruksartar blir ikkje produksjonsarealet deira rekna som norsk natur.»
I praksis betyr dette at produksjonsarealet til til dømes eple ikkje blir rekna som ein del av norsk natur for epletrea. Det same arealet vil derimot vere norsk natur for ein framand soppart som har infisert epletrea. Dette kjem av at produksjonsarealet, og dermed kva som blir rekna som norsk natur, er artsavhengig og definert ut frå bruksarten det gjeld.
Merk at omgrepet ikkje er basert på Natur i Noreg (NiN).
Last ned
Siden siteres som
Fremmedartslista 2023, Artsdatabanken, Sentrale omgrep i risikovurderinga
Hentet fra https://artsdatabanken.no/arter/fremmedartslista/om-fremmedartslista/slik-vurderer-vi-risikoen-til-framande-artar/sentrale