Bruk nøkkelen nedanfor, eller opne eit nytt vindauge (anbefalast for nyare mobile einingar).

Bestemmingsnøkkel til frøstjerneslekta Thalictrum

I Noreg er det funne ni artar i frøstjerneslekta Thalictrum, fem av desse heimlege (og to av dei med underartar). Storparten av frøstjerne-artane er vanskelege å identifisere på bladmateriale åleine. Blada er alltid samansette, men på litt ulike vis hos ulike artar. Eit viktig kjenneteikn er kor mange gonger dei er samansette; eit anna er om blada i omriss er om lag like breie som lange eller lengre enn breie. Hos dei aller fleste artane er det dei tydeleg farga pollenberarane som utgjør skiltapparatet i blomen; det er førebels berre ein Thalictrum-art der blomeblada er store og farga og utgjer skiltapparatet (T. delavayi). Det er òg ein viktig skilnad i om pollenberarane er opprette eller nikkande til hengjande. Fleire Thalictrum-artar enn dei som er nemnde blir dyrka, og det er truleg at nokre av desse òg forvillar seg, mellom anna T. rochebrunianum frå Japan, nærast i slekt med vengjefrøstjerne T. delavayi.

Korleis bruke bestemmingsnøklar?

Vurder svaralternativa i nøkkelen opp mot det som skal bestemmast, og vel det alternativet som passar. Finst det fleire enn to svaralternativ er det mogleg å velja bort karaktertrekka som ikkje passar. Du kan bla forbi spørsmål om karakterar du er usikker på, eller spørsmål det ikkje er mogleg å svara på. Du treng heller ikkje svara på alle spørsmåla eller svara i ei bestemd rekkefølge. Her finst mange vegar til målet! Ein god strategi er å svara på dei enklaste spørsmåla først. Når ein kjem til eit namneforslag, så må ein sjekke at omtale og bilde samsvarar med planta ein vil namnfeste.