Trollbærslekta heiter «baneberry» på engelsk, og det syfter nok på dei giftige bæra som kan vere dødelege. På folkemunne vert fleire andre artar med giftige eller ikkje etande bær òg kalla trollbær, til dømes firblad, trollhegg og krossved. Slekta skil seg frå dei andre slektene i soleiefamilien i at frukta er eit bær; elles i familien er det smånøtter og skolmkapslar som gjeld.

Trollbær, vår heimlege art i trollbærslekta Actaea.

Blada hos artar i trollbærslekta er fleire gonger kopla. Blomane sit i ein klase, og frukta vert eit bær.

Det er i underkant av ti artar i slekta Actaea på verdsbasis (når ein held Cimicifuga-artane utanfor; dei vert stundom inkluderte i Actaea, til dømes av POWO 2022). Artane er heimehøyrande i tempererte til boreale skogar på den nordlege halvkula.

Trollbærslekta inneheld fleirårige, greina urter som er middels storvaksne. Blada er to til tre eller fleire gonger trekopla med lappa eller tanna småblad. Blomestanden er ein klase med mange små, radiærsymmetriske blomar. Frukta vert eit bær, og dette er den einaste slekta med bær i denne familien i Noreg. Vår heimlege trollbær har svarte bær, medan dei to andre artane nemnde nedanfor har raude bær. Trollbærplanta er giftig, og det gjeld særleg bæret.

Slekta står nære Cimicifuga som stundom vert inkludert i ein vidare tyding av Actaea. Slekta skil seg morfologisk frå Cimicifuga i at blomane sit i ein brei klase og at frukta er eit bær. Både ‘Flora of North America’ og ‘Flora of China’ handsamar Actaea og Cimicifuga som skilde slekter.

Trollbærslekta har berre éin heimleg art i Noreg, nemleg trollbær Actaea spicata. I tillegg er den framande arten amerikatrollbær A. rubra rapportert som forvilla éin stad i Asker (Akershus). I Nord-Sverige og Finland finst den nærståande arten A. erythrocarpa (Fisch.) Gürke (forvirrande nok namnsett som raud trollbær på norsk) som heimleg og spreidd til nokså sjeldsynt. Han har stundom vorte rekna som tilhøyrande A. rubra, og han har òg vore handsama som ein varietet under A. spicata. Uotila (2001) argumenterer godt for at dei austeuropeiske og amerikanske plantane er artsskilde.

Kjelder

Compton JA, Culham A og Jury SL (1998). Reclassification of Actaea to include Cimicifuga and Souliea (Ranunculaceae): phylogeny inferred from morphology, nrDNA ITS, and cpDNA trnL-F sequence variation. Taxon 47: 593–634.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.

Ford BA (1997). Actaea Linnaeaus. I: Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 3. Magnoliophyta: Magnoliidae and Hamamelidae. http://www.efloras.org/florataxon.aspx?flora_id=1&taxon_id=100421. Lasta ned 27/3/2022.

Høeg OA (1976). Planter og tradisjon. Universitetsforlaget, Oslo. 751s.

Liangqian L og Tamura M (2001). Actaea Linnaeus. I: Wu ZY, Raven PH og Hong DY (red.), Flora of China. 6 Caryophyllaceae through Lardizabalaceae: 147.

Plants of the World Online (POWO) (2022). Actaea L. https://powo.science.kew.org/results?q=Actaea Lasta ned 27/3/2022.

Uotila P (2001). Actaea L. I: Jonsell B (red.), Flora Nordica. 2. Chenopodiaceae to Fumariaceae: 294–297.

Siter nettsida som:

Hegre H og Elven R. Trollbærslekta Actaea L. www.artsdatabanken.no/Pages/315283. Lasta ned <dag/månad/år>.