Av dei om lag 20 artane totalt i svartfrøslekta Nigella på verdsbasis, er éin funnen som forvilla frå dyrking hos oss. Det er arten jomfrugrøn (òg kalla “jomfrua i det grøne”), med sine særprega, findelte sveipblad som sit rett under blomen.

På verdsbasis omfattar svartfrøslekta Nigella ca. 20 artar, eller kanskje noko færre etter kva for ei kjelde ein nyttar. Alle artane er eittårige og små til mellomstore plantar. Den heimlege utbreiinga er Middelhavsområdet, Sør-Europa og Sør- og Sørvest-Asia. Dei har alle trådfint delte blad, og dei radiærsymmetriske blomane er kvite, gule, rosa, bleikblå eller bleikt lilla med fem til ti kronbladliknande begerblad. Kronblada er mindre og utvikla som nektarium. Frukta er ein kapsel av fleire samanvaksne fruktblad (uvanleg i soleiefamilien) med mange frø. Hos nokre artar, inkludert jomfrugrøn, er kapselen stor og oppblåsen.

Svartfrøslekta Nigella er i Noreg berre funnen med éin art, den framande arten jomfrugrøn Nigella damascena, som er ein eittårig plante med opprett stengel. Blada er 1–3 gonger findelte med trådforma flikar. Rett under blomen sit det findelte sveipblad. To andre artar er so vidt funne i Norden (Danmark og Sverige) som sjeldne og tilfeldige: Nigella arvensis L. og N. sativa L. Svartfrø N. sativa kjem frå Sørvest-Asia og er mykje dyrka i Sør-Europa på grunn av sine aromatiske frø («svartkarve»). Fleire andre artar vert elles dyrka som prydplantar.

Jomfrugrøn, den einaste arten i denne slekta i Noreg.

Artane i slekta har trådfint delte blad og er elles særprega ved at frukblada er samanvaksne til ein kapsel.

Kjelder

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.

Ford BA (1997). Nigella Linnaeaus. I: Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 3. Magnoliophyta: Magnoliidae and Hamamelidae. http://www.efloras.org/florataxon.aspx?flora_id=1&taxon_id=122301

Hartvig P (2015). Atlas Flora Danica. 1–3. Gyldendal, København. 1230s.

Karlsson T (2001). Nigella L. I: Jonsell B. (red.), Flora Nordica. 2. Chenopodiaceae to Fumariaceae: 294.

Zohary M (1983). The genus Nigella (Ranunculaceae) – a Taxonomic Revison. Plant Systematics and Evolution 142: 71–107.

Siter nettsida som:

Hegre H og Elven R. Svartfrøslekta Nigella L. www.artsdatabanken.no/Pages/315287. Lasta ned <dag/månad/år>.