Juleroseslekta finst ikkje som heimleg i Noreg, men fleire artar vert dyrka som prydplantar. Éin av desse er so vidt funnen som forvilla. Alle artane i slekta er svært giftige.

Julerose-arten Helleborus niger, som kalles kvit julerose, med handdelte, lérfaste blad og kvite, kronbladliknande begerblad.

Kvit julerose Hellebrous niger med fleire skolmkapslar.

På verdsbasis tel juleroseslekta Helleborus om lag 20 artar. Dei er heimlege i Europa nord til Tyskland og England, sør til Marokko og aust til Kaukasus, med hovudtyngd på Balkan. Dessutan er det éin art i Kina. Ingen art er heimleg i Norden. Alle Helleborus-artane er svært giftige; dei inneheld stoffet helleborin som verkar direkte på hjartemuskelen og kan gje krampar og rask daude.

Helleborus-artane er fleirårige, relativt lågvaksne urter. Blada er vintergrøne eller berre sommargrøne, handdelte med 5–12 flikar, og ofte lêrfaste. Blomane sit i opne, halvskjerm-forma toppar eller kvastar og er store og radiærsymmetriske. Dei fem begerblada er store og petaloide (kronbladliknande). Kronblada er 8–12 i talet og utforma som nokså store, røyrforma eller trektforma nektarium. Dei 2–10 fruktblada vert til skolmkapslar.

Blomane er sokalla protogyne, det vil seie at de holege organa mognar først. Frøa vert spreidde med maur; den arten som er funnen i Noreg, H. foetidus, har i alle høve frø med kvite elaiosom.

Fleire av artane vert dyrka som prydplantar og fire artar er nemnde i Flora Nordica (sjå Jonsell 2001), og då hovudsakleg som forvilla i Danmark. I Sverige er to grønbloma artar funne forvilla: Helleborus foetidus L., klokkejulerose, som er forveda ved grunnen, med få grunnblad, men mange stengelblad med smale bladflikar, og med klokkeforma blomar, og H. viridis L., grøn julerose, som ikkje er forveda, hovudsakleg med grunnblad med breiare bladflikar, og med skålforma blomar. Den førstnemnde er rapportert funnen i Larvik, men artsbestemminga er førebels litt usikker. To andre rapportar (herbariebelegg), men namnfesta berre til slekta, er frå Asker (Akershus) i 2015 og Melhus (Sør-Trøndelag) i 2021.

Kjelder

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.

Ford BA (1997). Helleborus Linnaeaus. I: Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 3. Magnoliophyta: Magnoliidae and Hamamelidae: 176–177.

Jonsell B (2001). Helleborus L. I: Jonsell B (red.): Flora Nordica. 2. Chenopodiaceae to Fumariaceae: 331–333.

Liangqian L og Tamura M (2001). Helleborus Linnaeus. I: Wu ZY, Raven PH og Hong DY (red.), Flora of China. 6. Caryophyllaceae through Lardizabalaceae: 148.

Siter nettsida som:

Hegre H og Elven R. Juleroseslekta Helleborus L. www.artsdatabanken.no/Pages/324738. Lasta ned <dag/månad/år>.