Soleihovslekta inneheld truleg mellom 10 og 20 artar på verdsbasis, og i Noreg har vi éin heimleg art, soleihov eller bekkeblom. Han veks på fuktige stader, ofte i bekke- eller vasskantar og lyser opp med sine klårt gule blomar.

Soleihov med sine skinande gule blomar og talrike pollenberarar.

På verdsbasis finst det ein stad mellom 10 og 20 artar i soleihovslekta. Uvisse om artstalet heng mykje saman med den særs mangforma arten soleihov C. palustris, der ulike forfattarar reknar med frå éin til seks artar i nordlege Russland åleine (sjå Elven mfl. 2011). Artane er utbreidde i tempererte og boreale område både på den nordlege og den sørlege halvkula. Artane i slekta veks på fuktige til myrlendte stader, i vasskantar og stundom som reine vassplantar (C. natans Pall. ex Georgi i Sibir og Nord-Amerika). I Noreg har slekta éin heimleg og variabel art, soleihov Caltha palustris.

Soleihovartane er snaue, fleirårige urter med enkle blad. Blomane sit einskilde eller i ein fåbloma, halvskjermforma blomestand. Blomane er radiærsymmetriske, gule eller kvite (eller meir sjeldan litt rosafarga) med kronbladliknande begerblad og utan kronblad og nektarium. Fruktblada utviklar seg til fem eller fleire (opptil nokså mange) skolmkapslar.

Slekta vert stundom delt i to seksjonar som fell saman med den delte utbreiinga på den nordlege og den sørlege halvkula (sjå Smit 1973): seksjon Caltha på den nordlege halvkula og seksjon Psychrophila DC. på den sørlege halvkula i Andesfjella i Sør-Amerika, søraustre Australia og New Zealand. Det er fire (eller fleire) artar i den førstnemnde seksjonen: i tillegg til vår heimlege, vidt utbreidde og formrike soleihov og den asiatisk-nordamerikanske C. natans, finn vi òg C. leptosepala DC. i vestlege Nord-Amerika og C. scaposa Hook. f. & Thomson i austlege Himalaya. Både C. palustris og C. leptosepala har, på grunn av stor variasjon, vore delte opp i fleire artar, men variasjonen vert no oftare handsama på infraspesifikt nivå (under artsnivå). Dei to seksjonane skil seg morfologisk ved at artane i den nordlege seksjonen har flat bladplate, blomestilk med blad og oftast fleire blomar, medan artane i den sørlege seksjonen har bladplate med oppbøygde bladlappar («vedheng») ved bladbasis i tillegg til ein bladlaus blomestilk med éin einskild blome.

Soleihovslekta inneheld snaue, fleirårige urter med enkle blad. Blomane har berre éin krans blomeblad med kronbladliknande begerblad som oftast er gule eller kvite og som sit einskilde eller få saman.

Kjelder

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.

Elven R, Murray DF, Razzhivin V Yu og Yurtsev BA (red.) (2011). Annotated checklist of the Panarctic Flora (PAF) Vascular plants. http://panarcticflora.org

Ford BA (1997). Caltha Linnaeus. I: Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 3. Magnoliophyta: Magnoliidae and Hamamelidae: 187–189.

Liangquian L og Tamura M (2001). Caltha Linnaeus. I: WU ZY, Raven PH og Hong DY (red.), Flora of China. 6. Caryophyllaceae through Lardizabalaceae: 135–136.

Piirainen M (2001). Caltha L. I: Jonsell B (red.), Flora Nordica. 2. Chenopodiaceae to Fumariaceae: 328–331.

Smit PG (1973). A revision of Caltha (Ranunculaceae). Blumea 21: 119–150.

Siter nettsida som:

Hegre H og Elven R. Soleihovslekta Caltha L. www.artsdatabanken.no/Pages/315284. Lasta ned <dag/månad/år>.