Mariskoslekta skil seg frå dei andre norske orkidéane i at pollenet kjem frå to pollenberarar og ikkje er samla i pollinier, men sit inne i blomen som ei klebrig masse som blir hengande fast på insektet. Blomane er sokalla insektfelle-blomar, der insekta kravlar ned i den bolleforma leppa og må finne vegen ut att ved å følgje lyset frå tynnvegga felt øvst i leppa. Der kan dei kravle ut gjennom tronge opningar der dei får klint på seg pollenmasse. Pollenet vert avsett i ein ny blome, om dei tek opp att same ferda der. Marisko-blomen er truleg ein narreblome der insekta ikkje får noko utbytte av ferda gjennom blomen.

Kjenneteikn

Cypripedium-artane har horisontal jordstengel, breie blad og éin eller nokre få blomar i ein open klase. Blomen er særprega ved ei stor, bolleforma underleppe med glatte, runde kantar øvst der insekta sklir ned, og to opningar på sidene der insekta kan kravle ut, vegleda av lyse, gjennomskinlege felt i bolleveggen. Leppa (bollen) er oftast annleis farga enn dei andre blomeblada. Det er to pollenberarar, éin ved kvar sideopning i leppa, og pollenet er ei klebrig masse, ikkje samla i pollinier. Griffelen har eit midtstilt arr med papillar som vender nedover, og som på oppsida er dekt av eit staminodium av ein omdanna tredje pollenberar.

Økologi og utbreiing

Slekta Cypripedium er om lag sirkumboreal med opp mot 60 artar, hovudsakleg i boreale og montane skogar, men óg med mange artar i subtropiske område. Storparten av artane er truleg knytte til baserik skog. Det er tre artar i Europa, to i Aust-Europa og éin i store delar av Europa: vår marisko C. calceolus.

Kommentarar

Dersom ein støyter på noko som liknar på ein marisko i ein blomehandel, er det truleg ein art av slekta Paphiopedilum Pfitzer frå Søraust-Asia, ei anna slekt i underfamilien Cypripedoideae.

Siter nettsida som:

Elven R. Mariskoslekta Cypripedium L. www.artsdatabanken.no/Pages/325512. Lasta ned <dag.månad.år>.