Fjellkvitkurle er ikkje ein prangande plante, men han har sine fortrinn. Fleire gonger har vi merka han, før vi har sett han, på grunn av den sterke honninglukta. I seterstrøk i Midt-Noreg var det vanleg å plukke inn små bukettar av engbrudespore Gymnadenia conopsea og fjellkvitkurle, av di dei blømer samstundes og begge har ein fin ange.

Fjellkvitkurle gjer ikkje så mye av seg, men blomane luktar sterkt av honning.

Kjenneteikn

Fjellkvitkurle er ein grannvaksen plante opptil 20 cm høg. Blada er oftast noko utbøygde og gulgrøne. Akset er jambreitt opp mot toppen. Støtteblada er lengre enn fruktknuten og har uregelrette, glinsande tenner i kanten øvst. Blomane er gulkvite og har sterk honninglukt. Dei ytre blomeblada er minst 3 mm lange. På leppa er sideflikane jamlange med midtfliken. Sporen er jamtjukk heilt ut mot spissen.

Rotknollane er delte i fleire granne flikar.

Me gjer merksam på at dette er individ samla inn til bruk i museumsherbarium.

Blada hos arten fjellkvitkurle Pseudorchis straminea bøyer seg meir utover enn hos arten kvitkurle, og dei er ofte noko meir gulgrøne.

Blomane hos fjellkvitkurle er gulgrøne og stikk lengre framom støtteblada enn dei gjer hos kvitkurle.

Leppa er treflika med sideflikar som er om lag jamlange med og sit jamsides med midtfliken.

Kromosomtal

Fjellkvitkurle er diploid med grunntal x = 21 og kromosomtal 2n = 42. Teljingar er gjorde på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Fjellkvitkurle er knytt til baserik grunn og veks oftast i rikmyr (fastmatte) og i rik, frisk eller vekselfuktig fjellhei, i nord òg i kysthei og på beitemark, sandmark og etablerte sanddyner på kysten. Planten er meir sjeldsynt i skog, men kan vekse i lysopen fjellbjørkeskog på kalkgrunn. Han er nokså vanleg til spreidd i fjellet nordover frå He Alvdal, Op Lillehammer, Bu Hol, Te Bø og Tokke, AA Åmli/Bygland, VA Sirdal og Ro Hjelmeland, frå NT Leka og nordover òg på kysten, men med ei tynnare utbreiing i Nord-Trøndelag. Sjå Gjærevoll (1990). Han går høgt opp i fjellet, til grensa mot høgalpint belte på 1800 moh. i Jotunheimen (i Op Vågå). Elles er han utbreidd i fjellet i Sverige, Nord-Finland og inn på Kolahalvøya i Russland, og på vestsida av Atlanterhavet i Island, Grønland og Newfoundland. Utbreiinga er typisk amfi-atlantisk.

Kommentarar

I mange område veks kvitkurle og fjellkvitkurle tett innpå kvarandre, stundom saman, men mellomformer er ikkje funne. Alt tyder på at dei er godt artsskilde.

Fjellkvitkurle går nok noko attende, men langt frå så mykje som det kvitkurle gjer. Arten er i mykje mindre grad knytta til tradisjonelt skjøtta kulturmark enn det kvitkurle er.

Forvekslingar

Den første karakteren ein skal sjå etter for å skilje fjellkvitkurle og kvitkurle, er leppa. Hos fjellkvitkurle er sideflikane jamlange med midtfliken; hos kvitkurle er midtfliken lengre og breiare enn sideflikane. Blomane hos fjellkvitkurle er gulkvite, hos kvitkurle gråkvite, og blomane hos fjellkvitkurle har mykje sterkare ange enn hos kvitkurle. Blada hos fjellkvitkurle er noko gulgrøne og ofte utbøygde, medan dei hos kvitkurle oftast er reint grøne og opprette. Det er òg skilnadar i støtteblada i akset og i nektarsporen, sjå omtalane.

Hybridar

Hybridar mellom fjellkvitkurle og brudespore Gymnadenia conopsea er funne nokre få stader: i Op Nord-Fron, ST Oppdal og Tr Nordreisa. Dei to artane veks ofte saman (i blanda bestandar) og blømer samstundes. Det må vere sterke barrierar mot hybridisering.

Kjelder

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Gjærevoll O (1990). Leucorchis straminea (Fern.) A. Löve. I O Gjærevoll (red.), Maps of distribution of Norwegian vascular plants. II. Alpine plants: 73–74 + XXIa. Tapir Publishers, Trondheim.

Reinhammar LG (1995). Evidence for two distinctive species of Pseudorchis (Orchidaceae) in Scandinavia. Nordic Journal of Botany 15: 469–481.

Reinhammar LG (1998). Systematics of Pseudorchis albida s.l. (Orchidaceae) in Europe and North America. Botanical Journal of the Linnean Society 126: 363–382.

Siter nettsida som:

Elven R. Fjellkvitkurle Pseudorchis straminea (Fernald) Soják. www.artsdatabanken.no/Pages/312242. Lasta ned <dag.månad.år>.