Brudespore er nokså vanleg i store delar av landet, men han er noko meir sjeldsynt i søraust og sør der han mykje er erstatta av praktbrudespore.

Kjenneteikn

Brudespore er en nokså småvaksen plante, opptil 30 cm høg. Han har handdelte knollar og ein grann stengel med eitt eller eit par linjeforma blad ved grunnen og nokre få, mindre blad høgare oppe på stengelen. Blada er grøne på begge sider, og alle er oftast smalare enn 1 cm. Akset er smalt og grissent slik at midtaksen er synleg. Blomane er rosa (sjeldan kvite) og luktar som nellik. Dei to nedre, ytre blomeblada sprikjer ut medan det øvre, saman med dei to øvre, indre blomeblada, er samla i ein hjelm. Leppa er litt lengre enn brei, grunt treflika og med midtflik som er litt lengre enn sideflikane. Sporen er lang, grann og bøygd.

Brudespore har smale, noko renneforma blad, stundom opp mot 1 cm breie.

Me gjer merksam på at dette er individ samla inn til bruk i museumsherbarium.

Blomestanden er grissen slik at midtaksen er synleg mellom blomane.

Leppa er litt lengre enn brei og grunt treflika, med sideflikar litt kortare enn midtfliken.

Kromosomtal

Brudespore er tetraploid (og stundom kanskje pentaploid og heksaploid) med grunntal x = 20 og kromosomtal 2n = 80 (100, 120).

Økologi og utbreiing

Brudespore er knytt til baserik grunn og er nokså vanleg på rikmyr, i fukthei frå kysten opp i snaufjellet, og i frisk eller sesongfuktig beitemark. Han er òg vanleg i open, urterik skog, særleg i fjellbjørkeskogen. Tidlegare var han utbreidd på slåtteenger, men no er det lite att, både av slåtteenger og av brudesporen i slike enger. I seinare år er han ofte funnen på baserike vegkantar og i grøfter. Arten er frå hyppig til vanleg i det meste av landet, men han er sjeldsynt i Agder og delar av Rogaland og i store delar av Finnmark. I fjellet går han opp i mellomalpint belte, til 1560 moh. i Jotunheimen (i Op Lom). Globalt er han vidt utbreidd i Europa og i Nord- og Sentral-Asia og sør til Himalaya og Kina.

Kommentarar

Mykje av det norske herbariematerialet er enno ikkje kritisk gått gjennom og ligg under namnet G. conopsea som eit kollektivt namn. Det same gjeld alle rapportar frå eldre lister og dagbøker, og storparten av dei nyare òg. Det vil seie at kartet for G. conopsea i Artskart syner den samla utbreiinga for slekta (med unnatak for eit fåtall innsamlingar og rapportar som er presiserte som G. densiflora).

Forvekslingar

Dei to artane vi er sikre på at vi har i Noreg, blir ofte forveksla, men dei er ikkje vanskelege å halde frå kvarandre. Brudespore G. conopsea har få blad ved grunnen av stengelen, alle blada er smale, oftast smalare enn 1 cm, akset er grissent slik at midtaksen er synleg, og leppa er litt lengre enn brei med ein midtflik som er lengre enn dei tydelege sideflikane. Dersom vi òg har G. borealis, liknar han mykje på G. conopsea, men hos han er sideflikane på leppa utydelege og dei sidestilte blomeblada kortare og smalare. Praktbrudespore har mange blad ved grunnen av stengelen, nokre av desse breiare enn 1,2 cm, akset er tett og svært mangebloma slik at ein ikkje lett ser midtaksen, og leppa er litt breiare enn lang med ein midtflik som ikkje er lengre enn sideflikane. Skiljekarakterane er tekne frå Pedersen og Faurholdt (2010) og våre eigne undersøkingar.

Hybridar

Hybridar mellom brudespore og fjellkvitkurle Pseudorchis straminea er funne nokre få stader: i Op Nord-Fron, ST Oppdal og Tr Nordreisa. Dei to artane veks ofte saman (i blanda bestandar) og blømer samstundes. Det må vere sterke barrierar mot hybridisering.

Kjelder

Brandrud MK, Paun O, Lorenz R, Baar J og Hedrén M (2019). Restriction-site associated DNA sequencing support a siste group relationship of Nigritella and Gymnadenia (Orchidaceae). Molecular Phylogenetics and Evolution 136: 21–28.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Pedersen HÆ og Faurholdt N (2010). Danmarks vilde orkidéer. Gyldendal, København. 320 s.

Plants of the World Online. Royal Botanic Gardens Kew. http://powo.science.kew.org/. Lasta ned 11/11/2021.

Stace C (2010). New Flora of the British Isles. 3. utg. Cambridge University Press. 1232 s.

Siter nettsida som:

Elven R. Brudespore Gymnadenia conopsea (L.) R.Br. www.artsdatabanken.no/Pages/312224. Lasta ned <dag.månad.år>.