Slik blir artsmangfaldet kartlagt

Kartlegging av artsmangfald kan vere basert på nyinnsamla materiale, eller også materiale som er samla inn ved tidlegare høve. Målet er å identifisere kva artar som finst innan eit gitt geografisk område.

Innhold

Av
Yudai Okuyama
Utgiver
Tromsø Museum – Universitetsmuseet, UiT Norges arktiske universitet
Last ned (3.01 MB, JPG)

Kartlegging året rundt – frå havdjup til høgfjell

I Artsprosjektet er det feltsesong heile året. Kartlegginga av artar skjer i fuktige område langt mot nord, i tørre, varme og brente område i sør, på høgfjellet og i låglandet, i fjøresona og på store havdjup, i bekkar og innsjøar.

Jakta går føre seg i lufta og på bakken, under og over jorda, i stubbar og på trær, på fisk, og ja – til og med inne i blad.

Ein kunst å finne dei ukjente artane

Av
Oddvar Hanssen
Utgiver
Norsk institutt for naturforskning
Last ned (117.82 KB, JPG)
I 2010 blei denne tolvprikka marihøna, Vibidia duodecimguttata, funnen gjennom kartlegginga i Artsprosjektet. Ein ny art for Noreg.

Det seier seg sjølv at ein må bruke meir enn berre auga. Å finne dei ukjente artane er ein kunst, og det trengst både god kunnskap om kva krav artane har til livsmiljø og ein god dose med kreativitet og tolmod.

Gjennom kartlegginga blir det gradvis bygd opp betre kunnskap om kva artar som finst i Noreg, kvar i landet dei finst, og i kva naturtype dei lever. Dette er viktige bidrag til ei kunnskapsbasert forvalting og bidrar blant anna til å styrkje faggrunnlaget for raudlistevurderingane.

Synergi med anna kartlegging og forsking

I Artsprosjektet blir det henta ut synergiar med anna kartlegging og forsking, særleg innanfor den marine kartlegginga der sjølve innsamlinga av materiale ofte er svært kostnadskrevjande.

Her blir materiale frå MAREANO, Svenske artprojektet og miljøundersøkingar for kommunar, industri og petroleumsverksemder tilarbeida vidare og identifisert, og kunnskapsgrunnlaget blir styrka.

Metodar og teknikkar i felt

Av
Geir Søli
Utgiver
Naturhistorisk museum, Universitetet i Oslo
Last ned (59.52 KB, JPG)
Insektfelle i Endalen på Svalbard.

Med insektsugar, god nase og håv.

Skogkanten blir saumfaren for småkryp med berbare insektsugarar, det blir lokka med telt og gule tallerkenar, det blir samla inn gallar til klekking frå lauvverk, det blir håva i luft og i vatn og det blir skrapa på stein, på tre og på fisk.

Det blir tråla i innsjøar og i havet, det blir bora og grave og tatt ut prøvar frå jorda og sjøbotnen – og det blir plukka med pinsettar og fjernstyrte robotar under vatn. Glas etter glas med innsamla materiale frå ekspedisjonar fleire år tilbake blir opna og undersøkte.

Skreddarsydd metode for kvar artsgruppe

Val av metode varierer etter kva artsgruppe og kva habitat som skal bli undersøkt. Skal det samlast inn frå vatn, i lufta eller på landjorda?

Frå felt til forsking

Av
Geir Mogen
Last ned (7.32 MB, JPG)
Etter at insektfellene er tømde, ventar eit stort arbeid når materialet skal sorterast og identifiserast.

Stort etterarbeid ventar.

Etter dagar og veker med innsamling i felt, ventar ein stor jobb på laboratoriet.

Det innsamla materialet skal undersøkjast og sorterast, og ein og ein art skal plukkast ut for vidare undersøkingar.

Arten blir sjekka under lupe. Utsjånaden blir samanlikna med tidlegare beskrivingar i litteratur, handbøker og bestemmingsnøklar.

Kva art er det? Liknar den på ein tidlegare kjent art, eller kanskje ikkje? Nokre gonger blir det gjort ein DNA-analyse av ein liten vevsprøve i tillegg.

Artsbestemming og referansesamlingar

Last ned (138.87 KB, JPG)
Kva trøffel kan dette vere?

Når ein artsbestemmer, blir funnet samanlikna med «referanseartar» i dei store samlingane som finst i Noreg og utlandet. Referanseartar er eksemplar som er typiske og karakteristiske for ein art. Desse referansesamlingane er viktige for arbeidet med å identifisere artar.

Registrering av nye artar

Er det funne ein ny art for Noreg, skal den inn i referansesamlinga og bli katalogisert med fotografi og etikettar som oppgir namn, funnstad, dato m.m.

Er det ein heilt ny art for vitskapen må den få eit vitskapleg namn og bli beskriven i ein vitskapleg publikasjon.

Namneregisteret i Artsdatabanken skal også oppdaterast med namnet på den nye arten og staden der arten blei funnen skal registrerast i Artskart.