Planteimport er hovudårsaka til fleire framande artar

Små og nesten usynlege blindpassasjerar kjem inn i landet via potteplantar, jord og trevirke utan å bli oppdaga. Konsekvensane av dei minste organismane kan bli alvorlege. Oppdatert Framandartsliste vert lagd fram i dag.

Innhold

Heile tre av fire framande parasittartar kjem hit gjennom planteimport. Når infiserte planter blir importert til norske hagesenter og blir planta ut i hagar og grøntanlegg, kan parasittane og andre småkryp følgje med. Vi kallar dei for blindpassasjerar.

Dette kjem fram i oppdaterte risikovurderingar i Framandarslista som leggjes fram i dag.

Dette er artar som er blindpassasjerar og nye på Framandartslista med høg- eller svært høg risiko:

  • løvflatorm Obama nungara
  • rotstokkråte Phytophthora cactorum
  • Phytophthora bilorbang
  • Phytophthora occultans
  • eikeprosesjonsspinnar Thaumetopoea processionea
  • Spirometra mansoni

Usynleg spreiing

– Det er ikkje alltid synleg kva artar som følgjer med på lasset. Egg, larvar og sporar kan følgje med importerte varer. Ein infisert hageplante eller akvariefisk på avvegar kan dermed resultere i spreiing av sjukdomsframkallande parasittar i naturen, seier Janne Bohnhorst, direktør i Artsdatabanken.

Sporar og egg kan overleve lenge, og nokon kan liggje inaktive i jorda i mange år. Slik kan ein tilfeldig infisert hageplante vere nok til at ein parasittart seinare etablerer seg og spreier seg.

Tidleg oppdaging er avgjerande

Jo tidlegare ein framand art blir oppdaga, jo større er moglegheita til å hindre etablering og avgrense spreiing. No oppdaterer Artsdatabanken Framandartslista fortløpande når ny kunnskap ligg føre.

Med denne omlegginga får forvaltninga oppdatert kunnskapsgrunnlag til kvar tid, og dei slepp å vente i fleire år før viktig informasjon blir tilgjengeleg.

– Omlegginga er viktig for dei som jobbar med å forvalte framande artar. Dei siste åra har vi sett at planteimport og klimaendringar gjer at framande artar spreier seg i eit raskare tempo enn vi har sett tidlegare, seier Bohnhorst.

Å kunne raskt setje inn tiltak for å stoppe spreiinga av ein framand art, betyr òg å vere førebudd. Difor har vi risikovurdert over 500 dørstokkarter. Ein dørstokkart er ein art som ikkje reproduserer seg utandørs i Noreg enno.

Nytt i tal frå Framandartslista i 2026

  • 812 artar er risikovurderte (virvellause dyr i vatn og på land, sopp, fuglar og eggsporesoppar)
  • 84 (av 812) framande artar er nye på lista
  • Andelen høgrisikoartar har auka frå 15 til 18 prosent
  • 26 artar har endra status frå dørstokkart til å bli reproduserande
  • Over 80 prosent (av 812) blir spreidde som blindpassasjer

Byggjer kunnskap

Framandartslista er eit viktig verktøy for både forvaltning og næring.

– Framandartlista gir oss ny og viktig kunnskap om korleis artane påverkar naturen negativt. Sidan mange av dei er små, går dei ofte under radaren. Vi treng meir kunnskap som viser kva konsekvensar framande artar kan få for naturen om vi ikkje følgjer med, seier Bohnhorst. – Dei mest skadelege framande artane er ikkje alltid dei vi kan sjå.

Kontaktinformasjon

Portrett av Linda Skjærvik
Portrett av Olga Hilmo