Søk om tilskot til å styrke kunnskapen om lite kjente artsgrupper
I år fyller Artsdatabanken sitt Artsprosjekt 16 år. I løpet av desse åra har 134 prosjekt fått tilskot til taksonomisk kartlegging av artsgrupper som vi veit lite om, noko som har resultert i funn av ca. 4800 nye artar i Noreg. Heile 1100 av dei 4800 artane er funne for første gong i verda (såkalla nye for vitskapen).
Yrande liv i fjøra ved Sletvik i Artsprosjektet "Evertebratfauna på hardbotn". Foto: Per Gätzschmann, NTNU Vitenskapsmuseet. Lisens: CC BY-SA 4.0
Artsdatabanken jobbar kontinuerleg med å styrkje kunnskapen om artar i norsk natur. No lyser vi ut nye midlar det kan søkjast om, til kartleggingsprosjekt med oppstart 2025-2026.
Les meir på Artsprosjektet sine nettsider.
Valerii Darmostuk studerer lav i ei lavhei på Kongsvoll, Oppdal, i forbindelse med ein workshop i Artsprosjektet "Lavbuende sopp".