Alle har eit forhold til krossblomfamilien. Dei fleste av oss har hatt ein art frå denne familien på middagsbordet. Hovudkål, brokkoli og knutekål er faktisk alle variantar av same art.

Sidan steinalderen har krossblomane Brassicaceae vore ei viktig matkjelde for oss menneske. I mange slekter i krossblomfamilien finn du viktige matkjelder som nepe, raps, kålrot, sennep, karse, blomkål og brokkoli, for å nemne nokre.

– Du kjenner igjen krossblomane ved at blomen har fire, som oftast, like store kronblad, som står mot kvarandre i par og dannar eit kross, forklarer Hanne Hegre.

Veks overalt

Hegre er taksonom og har doktorgrad på krossblomar, nærmare bestemt rublomartene Draba. Saman med pensjonert professor Reidar Elven ved Naturhistorisk museum, Universitetet i Oslo, har dei to fått på plass beskrivingar av alle krossblomar du finn her til lands i Artar på nett. Det er ein av dei største karplantefamiliane i Noreg med ca. 60 slekter og 160 artar. Meir enn 30 underartar og varietetar er òg beskrivne. Krossblomane veks overalt; på fjellet, i låglandet og i Arktis. Dei er som oftast kvite eller gule, men vi finn òg nokre lilla. Dei gule kan vere særleg vanskeleg å artsbestemme. 

Plantanes "lab-rotte"

Vårskrinneblom Arabidopsis thaliana, blir ofte beskrive som plantanes "lab-rotte" eller bananfluge på stilk.

– Vårskrinneblom har eit lite genom, som gjer den lett å forske på. Planten er lett å dyrke og lett å krysse. I tillegg har den òg ein kort livssyklus. Alt dette gjer den veleigna som modellorganisme, altså ein organisme som ein studerer for å lære om meir generelle problemstillingar, forklarer Hegre.

Forskarar har brukt vårskrinneblom til å lære meir om sjukdom på plantar og særleg nyttevekstar, og også for å undersøkje kvifor nokon plantar toler klimaendringar betre enn andre.

Oppdaga ny art for Noreg

Det har vore eit omfattande arbeid for Hegre og Elven å gå gjennom krossblomfamilien med alle slekter, artar og underartar.

–  Vi har jobba både med morfologiske beskrivingar, oppdatert utbreiingsopplysningar, utarbeidd bestemmingsnøklar, gjort undersøkingar både i felt og i herbariet og dessutan fotografert plantar for å illustrere karaktertrekka vi beskriv, fortel Reidar Elven.

Gjennom dette arbeidet oppdaga ekspertane éin ny og sannsynlegvis heimleg art for Noreg, nemleg brun engelskkarse Nasturtium microphyllum. I tillegg har dei òg "avskaffa" ein framand art, raud hageskrinneblom Arabis arendsii.

– Det viste seg at variasjonen innan arten hageskrinneblom var vidare enn det ein tidlegare har gått ut frå, så den arten som tidlegare omtalt som raud hageskrinneblom, er ein variasjon av hageskrinnblom.  

Ein annan framand art, vårkarse, viste seg å berre vere kjent frå éin lokalitet, medan det tidlegare var grunn til å tru at han var funnen på fire.

– Dette er viktige funn som mellom anna vil ha relevans for vurderingar i både kommande raudliste og framandartliste, seier Hegre.

Digitale bestemmingsnøklar

Når biologar skal artsbestemme og skilje artar frå kvarandre, bruker dei eit verktøy som heiter bestemmingsnøkkel. Gjennom spørsmål med to eller fleire svar, kan du "nøkle" deg fram til rett art.

– Moglegheitene som ligg i dei digitale bestemmingsnøklane i Artar på nett, er så mykje større enn det vi får til i ein papirflora der nøklane typisk er dikotome (todelte), med berre to alternativ for kvart val, og som dessutan har ei fast rekkjefølgje, forklarer Hegre.

– I bestemmingsnøklane i Artar på nett kan ein gi fleire enn to alternative svar, og du hoppar over karakterar/spørsmål du er usikker på eller ikkje har svaret på.

Nøkkelen fungerer best på plantar som er godt utvikla, og helst i tilfelle der ein har tilgang til både blome- og fruktkarakterar.

I tillegg til krossblomane er det fleire artsgrupper og familiar som har digitale nøklar som ligg på Artar på nett. Desse er ikkje berre for ekspertane. Sjekk ut nøklane på krossblomane denne sesongen, og lær deg nokre nye artar!