Svinesennep er framand og eit nokså sjeldsynt ugras i byar og på skrotemark i Sør- og Midt-Noreg. Arten er oftast å sjå i hagar og langsmed gater i Oslo.

Innhold

Av
Hanne Hegre
Last ned (755.98 KB, JPG)

Svinesennep er eit sjeldsynt ugras i bymiljø.

Kjenneteikn

Svinesennep er ei eitt- til fleirårig, noko håra urt opptil 60 cm, men ho er oftast meir lågvaksen. Planten har frå tanna til fjørdelte blad. Blomane sit i klasar, og i alle fall dei nedre blomane har nokså store, tanna til flika støtteblad, noko som er sjeldsynt i krossblomar. Begerblada er opprette til sprikjande. Kronblada er bleikgule, om lag 7 mm lange, dobbelt så lange som begerblada, og med eit smalt skaft. Skulpa er om lag 3 cm lang og snau, med ein veggdel der veggen har éin tydeleg midtnerve og eit mindre tydeleg nettverk av sidenervar. Det sit frø i éi rekkje i kvart skulperom i veggdelen. Griffeldelen er eit 3–5 mm langt nebb utan frø.

Av
Hanne Hegre
Last ned (1.36 MB, JPG)

Blada er djupt buktflika og håra.

Av
Hanne Hegre
Last ned (1.18 MB, JPG)

Ein viktig karakter for arten er dei tanna eller flika støtteblada nedst i blomestanden.

Av
Hanne Hegre
Last ned (1.23 MB, JPG)

Blomane er store med bleikgule kronblad med smalt skaft.

Av
Hanne Hegre
Last ned (3.27 MB, JPG)

Skulpa er snau. Det sit éi rekkje frø i kvart skulperom i veggdelen. Griffeldelen er eit 3–5 mm langt nebb utan frø.

Kromosomtal

Svinesennep er diploid med grunntal x = 15 og kromosomtal 2n = 30. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Svinesennep er framand og vart først funnen i Noreg på “græsplainen foran universitetet” i Oslo sentrum i 1862. Han er komen inn med ballastjord, med korn ved møller og truleg med grasfrø. Han veks i hagar, parkar og langsmed gater og på skrotemark elles, ein sjeldan gong på havstrand (truleg på tangvollar), oftast på noko baserik grunn. Den bufaste utbreiinga ligg i nemoral til boreonemoral sone. Han er gjennom tida funnen spreidde stader i kyststrøk frå Østfold til Trøndelag (Agdenes, Åfjord, Skaun og Trondheim, Sør-Trøndelag), særleg på eller nær møller og ballastplassar, men etter 2000 er han berre funnen i Oslo og kring Oslofjorden. I Oslo er han bufast og lokalt nokså vanleg.

Arten kjem frå Vest- og Mellom-Europa, men er no vidt utbreidd som kulturspreidd i stordelen av Europa og Nord-Amerika, og han er òg funnen i Aust-Asia.

Av
Hanne Hegre
Last ned (2.04 MB, JPG)

Slik veks ofte svinesennep! Her frå Brobekkveien i Oslo.

Forvekslingar

Svinesennep kan vere snarlik mange andre gulbloma krossblomar, men dei tanna eller flika støtteblada i den nedre delen av klasen skil han frå alle snarlike artar.

Kjelder

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 3/11/2022

Tutin TG og Akeroyd JR (1993). Erucastrum C. Presl. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 410–411.

Warwick SI (2010). Erucastrum C. Presl. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 435.