Sypressfamilien Cupressaceae er ein mellomstor plantefamilie med 25–30 slekter og 110–140 artar. Av desse slektene er seks kjende frå norsk natur, men berre éi av dei er heimleg, nemleg einerslekta Juniperus.

Sett bort frå einer er artane av denne femilien innførde som prydplantar i Noreg, ein sjeldan gong som skogstre. Desse omfattar lawsonsypresslekta Chamaecyparis, japansederslekta Cryptomeria, nutkasypresslekta Callitropsis, tujaslekta Thuja, og røykelsestreslekta Calocedrus. Totalt er det kjent ti artar frå naturen i Noreg, og noko fleire slekter og artar er dyrka som prydplantar.

Bortsett frå einer Juniperus communis, spelar familien lita eller ingen rolle i dei boreale sonene, og knapt noka rolle i Europa i dei tempererte (nemorale) sonene heller. Der familien spelar ei rolle, er i tropiske, subtropiske og varmtempererte område i Australasia, Asia og Nord-Amerika, og nokre av dei største trea som finst på jorda i dag, høyrer til her, nemleg Sequoia sempervirens som kan bli meir enn 110 m høg og 9 m i diameter, og Sequoiadendron giganteum som kan bli 90 m høg og 11 m i diameter, begge desse i vestlege USA. Det andre ytterpunktet er artar som Microbiota decussata ved Stillehavet i Russiske fjerne austen, som oftast berre blir 20–50 cm høg, og krypande eller tiltrykte buskar av einerslekta som Juniperus sabina i Europa og Juniperus horizontalis i Nord-Amerika. Utbreiinga til familien omfattar alle kontinent unnateke Antarktis, heilt sør til 55° sør i Chile, og frå sjønivå opptil 5200 moh. i Tibet, der Juniperus indica er den vedplanten som veks høgast oppe her i verda. Det er i det heile ein familie med mange rekordar. Treet med størst volum, på 1490 m³, er kjempesequoia Sequoidendron giganteum, det høgaste av alle tre, med høgde på 115,55 m, er “Redwood” Sequoia sempervirens, det tjukkaste av alle tre, med diameter på 14,05 cm, er montezumasypress Taxodium mucronatum i Mexico, og det truleg nest eldste av alle tre, meir enn 4000 år, er ein middelhavssypress Cupressus sempervirens.

Det er lite felles trekk for familien, som no òg oftast inkluderer det som tidlegare var kalla sumpsypressfamilien, Taxodiaceae, som ein underfamilie. Storparten av slektene og artane er sambu vedplantar, slik som i furufamilien. Vekstformene spenner frå krypande busker til kjempetre. Svært mange har avflaknande bork, der borken ofte heng i store flak. Veden hos mange artar er hard, ofte vakkert farga, noko aromatisk, og er brukt til trevirke og finare trearbeid, til dømes møblar. Mange artar av familien er difor truga av utrydding ved hogst. Greinene sit ikkje i kransar, slik dei stort sett gjer i furufamilien og kranstrefamilien. Blada er svært ulike, frå nålforma hos nokre artar av einerslekta Juniperus og hos japansederslekta Cryptomeria (men med heilt ulike nåler i desse to slektene), meir flatt bladforma eller avflata, bladliknande kortskott med nåler som hos urtreslekta Metasequoia og sumpsypress-slekta Taxodium, men svært mange har skjelforma og tiltrykte blad, som hos tujaslekta Thuja, nutkasypress-slekta Callitropsis og lawsonsypress-slekta Chamaecyparis. Blada kan stå i kransar, som hos vår einer, parvis motsette som hos tuja-artar og sypressane, eller skruestilte som hos urtre og sumpsypress. Blad og knoppar er svært ofte aromatiske. Storparten av artane er eviggrøne, men ikkje urtre Metasequoia. Hos mange slekter er det kortskott som fell av, og ikkje dei einskilde nålene eller skjela, noko som er særleg tydeleg hos urtreet der heile lauvverket om hausten fell av som kortskott som små, dobbeltsidige kammar, men òg hos tuja-artar og sypressar. Pollenblada sit i små hannkongler som fell av etter bløminga. I hokonglene er dekkskjel og kongleskjel vaksne saman, og desse samanvaksne skjela kan sitje motsette, kransstilte eller skruestilte. Desse samanvaksne skjela er tjukke, og kvart har to eller fleire frø, ikkje regelrett to som i furufamilien. Storparten av slektene og artane har frø med éi eller oftare to vengjer, og dei blir spreidde med vind, til ein viss grad med fugl som nappar dei ut av kongla. I einerslekta Juniperus veks dei tre kransstilte, samanvaksne dekk- og kongleskjela ut til ei saftig kongle, “einebæret”, der frøa er innelukka heilt til “bæret” blir spreidd av ein fugl.

I ei nyare inndeling av familien reknar Mao mfl. (2012) og Qu mfl. (2017) med sju underfamiliar, men fleire av desse er lokale i Aust- og Søraust-Asia og Australia der familien har sitt mangfaldsentrum. Tre underfamiliar har eit litt anna mønster. Underfamilien Sequoideae omfattar dei kalifornske kjempetrea Sequoia og Sequoiadendron, saman med det kinesiske urtreet Metasequoia glyptostroboides. Underfamilien Taxodieae omfattar sumpsypress-slekta Taxodium, saman med fleire amerikanske og asiatiske artar, japanseder Cryptomeria og ei éin-arts slekt Glyptostrobus, i Søraust-Asia. Underfamilien Cupressoideae omfattar dei slektene som er funne i norsk natur, som er røykelsestreslekta Calocedrus, lawsonsypress-slekta Chamaecyparis, nutkasypress-slekta Callitropsis, einerslekta Juniperus og tujaslekta Thuja, og i tillegg velkjende hageplantar som vokstuja Thujopsis dolabrata, orienttuja Platycladus orientalis og Microbiota decussata, den siste ei slekt og ein art som enno ikkje har noko fornuftig norsk namn.

Cupressaceae omfattar ei rekkje av dei såkalla levande plantefossila, og dei einskilde slektene går truleg svært langt tilbake i tid, med første sikre fossil frå Trias, 245–215 millioner år attende. Familien og slektene har difor vore av stor nytte for tolking av platetektonikk, utvikling av fortidas klima, og for biologi, særleg evolusjon. Sjå, til dømes, Mao mfl. (2012).

Microbiota er ein dvergplante i sypressfamilien, frå Russisk fjerne austen.

Den vanlege sypressen frå Middelhavsområdet: Cupressus sempervirens.

Kjelder

Mao L, Milne RI, Zhang L, Peng Y, Liu J, Thomas P, Mill RR og Renner S (2012). Distribution of living Cupressaceae reflects the breakup of Pangaea. Proceedings of the National Academy of Sciences 109: 7793–7798.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 15/11/2023

Qu XJ, Jin JJ, Chaw SM, Li DZ og Yi TS (2017). Multiple measures could alleviate long-branch attraction in phylogenetic reconstruction of Cupressoideae (Cupressaceae). Scientific Reports 7: 41005.

Watson FD og Eckenwalder JE (2003). Cupressaceae Bartlett, Redwood or Cypress family. I Flora of North America Editorial Committee (utg.). Flora of North America north of Mexico. 2: 399–401.

Siter nettsida som:

Solstad H og Elven R. Sypressfamilien Cupressaceae Bartling. www.artsdatabanken.no/Pages/305101. Lasta ned <dag.månad.år>.