Vårkål er ein nokså lågvaksen, heimleg plante som er vanleg i låglandet i Sør- og Midt-Noreg og noko nordover i Nord-Noreg. Arten er snau og har kjøtfulle, mørkgrøne, nyreforma og rundtanna blad. Han blømer tidleg på våren – derav namnet – med knallgule blomar, og veks i store bestandar som set farge på moldrik skog og beitemark.

Vårkål frå Trondheim i Sør-Trøndelag.

Kjenneteikn

Vårkål er ei fleirårig, snau urt som vert om lag 10–30 cm høg. Planten har vanlege røter i tillegg til eit knippe kvite eller grå klubberøter. Stenglane er liggjande til oppstigande. Blada er kjøtfulle, nyreforma i omriss og rundtanna i kanten. Blomane er nokså store (1,5–3 cm breie), med 7–12 djupt gule kronblad  og tre begerblad som ikkje er nedbøygde. Fruktfestet er håra. Smånøttene er glatte, snaue eller grisse håra. Planten gulnar og visnar tidleg.

Vårkål har, i tillegg til vanlege røter, eit knippe kvite eller grå klubberøter.

Vårkålblada er nyreforma i omriss med rundtanna kant.

Blomane er store med 7–12 djupt gule kronblad.

Kromosomtal

Arten er oftast diploid (subsp. fertilis) eller tetraploid (subsp. verna) med grunntal x = 8. 2n = 16, 32 (24, 40). Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Vårkål veks i leirete eng og plen, på beitemark og i oreskog, edellauvskog og i bekkekantar. Arten er vanleg i låglandet på Austlandet og elles langsmed kysten til Bodøområdet og sørlege Lofoten (Nordland), mykje meir sjeldsynt vidare til Tromsø (Troms), men sjå dei to underartane for skilnader. Vårkål er utbreidd i Europa, Nord-Afrika og Vest-Asia.

Vårkål veks blant anna i leirete eng og plen, her i parken ved Rotvoll i Trondheim.

Vårkål veks blant anna på bekkekantar, som her på Öland, Sverige.

Vårkål veks blant anna i edellauvskog, som her i Jylland, Danmark.

Kommentarar

Arten er giftig, men inneheld mykje C-vitamin. Blada frå vårkål vart tidlegare etne mot skjørbuk og vart truleg plukka då dei var unge før mengda hudirriterande stoff vart for stor.

Vårkål har stundom vore rekna til slekta Ranunculus, men det er molekylær støtte for å halde planten skild i ei eiga slekt.

Dei to underartane skil seg både morfologisk og cytologisk. Triploide hybridar (2n = 24) er kjende frå Storbritannia, men er ikkje påviste i Norden ifølgje Lægaard (2001) som handsamar arten under slekta Ranunculus (som R. ficaria). Det diploide kromosomtalet er i Norden berre bekrefta frå Danmark.

Forvekslingar

Vårkål har eigentleg ingen opplagde forvekslingsartar, men kan minne litt om soleihov Caltha palustris, truleg av di begge blømer tidleg på våren med gule blomar. Soleihov veks alltid på våte stader og vårkål gjer det berre stundom. Begge har hjarte- til nyreforma blad og er snaue. Skilnadene er fleire: Vårkål har både krone og beger, medan soleihov berre har enkelt blomedekke (danna av kronbladliknande begerblad). Vårkål har mange (7–12) kronblad medan soleihov berre har fem kronbladliknande begerblad. Vårkål har smånøtter medan soleihov har belgkapslar med fleire frø i kvar.

Kjelder

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.

Hörandl E, Paun O, Johansson JT, Lehnebach C, Armstrong T, Chen L og Lockhart P (2005). Phylogenetic relationships and evolutionary traits in Ranunculus s.l. (Ranunculaceae) inferred from ITS sequence analysis. Molecular Phylogenetics and Evolution 36: 305–327.

Ljungqvist K (2011). Nyttans växter. Calluna Förlag. 592 s.

Lægaard S (2001). Ranunculus ficaria L. I: Jonsell B (red.): Flora Nordica. 2. Chenopodiaceae to Fumariaceae: 230–231.

Paun O, Lehnebach C, Johansson JT, Lockhart P og Hörandl E (2005). Phylogenetic relationships and biogeography of Ranunculus and allied genera (Ranunculaceae) in the Mediterranean region and in the European Alpine System. Taxon 54: 911–930.

Siter nettsida som:

Hegre H og Elven R. Vårkål Ficaria verna Huds. www.artsdatabanken.no/Pages/286614. Lasta ned <dag/månad/år>.