Ullsoleie er ein fleirårig, innført prydplante. Han er funnen i og kring Botanisk hage i Oslo på slutten av 1800-talet. Arten kjem opphaveleg frå Europa og Vest-Asia, og er heimleg nord til Søraust-Sverige.

Kjenneteikn

Ullsoleie er ei 15–55 cm høg urt med opprett stengel og få greiner. Nedst er planten tett og kvitt filthåra. Han har dels vanlege røter og dels eggforma og oppsvolle røter. Grunnblada sit på lange skaft og er djupt og smalt treflika. Blomeskafta er trinne. Blomane er store, 2,5–4 cm breie, med glinsande gule kronblad. Begerblada er ullhåra og nedbøygde. Fruktfestet er snautt. Smånøttene er 2–3,2 mm, glatte, snaue og med 1,5 mm langt, rett nebb.

Kromosomtal

Arten er diploid og tetraploid med grunntal x = 8. 2n = 16, 32. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Ullsoleie er berre funnen som forvilla frå dyrking i Oslo i og kring Botanisk hage. Arten er truleg utgått frå Noreg; han er ikkje funnen på godt over 120 år. Arten er heimleg i Europa nord til Öland i Søraust-Sverige, og i Vest-Asia.

Forvekslingar

Ullsoleie har ingen opplagde forvekslingsartar.

Kjelder

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.

Mossberg B og Stenberg L (2018). Nordens flora. Bonnier Fakta, Stockholm. 976 s.

Siter nettsida som:

Hegre H og Elven R. Ullsoleie Ranunculus illyricus L. www.artsdatabanken.no/Pages/286612. Lasta ned <dag/månad/år>.