Tyrihjelm, vår heimlege tyrihjelm-art, her frå høgstaudeskog i Oppdal, Sør-Trøndelag.

Tyrihjelm er ein høgvaksen heimleg plante som typisk veks i høgstaudeskog og -eng opp til over tregrensa. Han er svært giftig og vart tidlegare nytta blant anna som middel mot lus og skabb på både folk og fe. Namnet lushatt, som er vanleg på Austlandet, ymtar om denne bruken. Av di han er så giftig, let husdyra han stå att på beitemark, der det difor kan bli svært mykje av han.

Kjenneteikn

Tyrihjelm er ei 1–2 m høg, fleirårig urt med grov, dunhåra og kjertelhåra stengel. Blada er store og djupt 5–7 gonger flika. Blomane sit i ein lang klase og er store, monosymmetriske og gråfiolette (meir sjeldan bleikt rosa eller gråkvite) med fem ulikt store, petaloide (kronbladliknande) begerblad. Det største, hjelmen, er utforma som ein pose med botnen opp. Blomen har òg 2–10 kronblad, og det bakre paret er nektarium som går opp i hjelmen, medan dei andre er smale og små eller manglar. Arten har oftast tre fruktblad som vert til skolmkapslar med rukkete frø.

Tyrihjelm har dunhåra og kjertelhåra stengel.

Blomane er store, monosymmetriske og gråfiolette og sit i ein lang klase.

Blada hos tyrihjelm er store og djupt 5–7-flika.

Kromosomtal

Arten er diploid med grunntal x = 8. 2n = 16. Teljingar er mellom anna utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Tyrihjelm er kanskje den mest utprega høgstauden i høgstaudeskog i storparten av landet. Han veks i frodig lauv- og barskog og i vierkjerr og eng, på noko baserik grunn, til høgt opp i fjellet. Ofte formar planten store, tette bestandar som skuggar ut andre plantar. På grunn av at både husdyr og hjortedyr skyr denne giftige planten, blir det ofte særs store bestandar i skog og på mark som er mykje beita.

Arten er noko austleg og er vanleg på Austlandet, i Midt-Noreg og nord til lengst sørvest i Troms (Skånland). Utbreiinga strekkjer seg frå boreonemoral til nordboreal sone og opp til mellomalpint høgdebelte. Han er funnen heilt opp til 1670 moh. Han manglar heilt sør i landet og i ytre strøk på Vestlandet. Ei isolert populasjonsgruppe på Arnøya i Troms (Skjervøy) skil seg frå dei andre plantane i kortare og tvert avslutta hjelm og minner meir om arten slik han opptrer i Russland (sjå kommentar nedanfor). Fremstad (2013) har ein omfattande diskusjon av økologi og utbreiing. Tyrihjelm er utbreidd i Europa, Sibir og Mellom-Asia, truleg med fleire geografiske rasar (underartar).

Tyrihjelm er eit typisk innslag i høgstaudeskog og -eng til over skoggrensa. Her frå Tolga i Hedmark.

Kommentarar

Det er oppgjeve at samane skal ha nytta tyrihjelm som ulvegift. Det tidlegare nytta vitskaplege artsnamnet lycoctonum tyder «ulvedrepar». Tyrihjelm og lushatt er nokre få av dei mange namna som denne planta har hatt ulike stader i landet. Sjå Høeg (1976) for fleire namn og meir om korleis planta har vore nytta.

Tyrihjelm har vore rekna som ein rase av arten A. lycoctonum L., ein art som er utbreidd i høgtliggande strøk i Mellom- og Sør-Europa, sjå m.a. Karlsson (2001). Karlsson argumenterer med at sjølv om A. septentrionale og A. lycoctonum er godt skilde i Vest-Europa, knyter eit par austeuropeiske rasar dei saman. Vi handsamar dei her likevel som to artar.

Dei isolerte førekomstane på Arnøya treng ei forklåring. Plantane der er merkbart ulike dei som finst nord til Sør-Troms og må ha kome ein annan stad frå, og truleg frå Russland. Ein nærskyld art (A. excelsum Rchb.), eller meir truleg ein underart, er utbreidd i Nord-Russland frå russisk Karelen og sørsida av Kolahalvøya (og sovidt inn i Aust-Finland i Nord-Karelen) og aust til Aust-Sibir og Kina. Han er vanleg kring utskipingshamnene kring Kvitsjøen. Kan planten på Arnøya ha kome med pomorhandelsmennene frå Nord-Russland? Om så, må det ha hendt for nokså lang tid sidan; planten har ei viss utbreiing i dag i høgstaudeliene på Arnøya.

Forvekslingar

Tyrihjelm kan bli forveksla med gul tyrihjelm, og då mest truleg heimleg tyrihjelm med gråkvite blomar. Tyrihjelm har oftast fiolette og ikkje gule blomar, men kan òg ha gråkvite blomar.

Kjelder

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.

Fremstad E (2013). Aconitum lycoctonum L. I: Elven R, Fremstad E og Pedersen O (red.), Distribution maps of Norwegian vascular plants. IV. The eastern and northeastern elements: 38–40.

Hjelmstad R (2012). Medisinplanter i Norge. Helsebringende vekster i naturen. Gyldendal Norsk Forlag. 422 s.

Høeg OA (1976). Planter og tradisjon. Universitetsforlaget, Oslo. 751 s.

Karlsson T (2001). Aconitum L. I: Jonsell B (red.), Flora Nordica. 2. Chenopodiaceae to Fumariaceae: 321–324.

Ljungqvist K (2011). Nyttans växter. Calluna Förlag. 592 s.

Siter nettsida som:

Hegre H og Elven R. Tyrihjelm Aconitum septentrionale Koelle www.artsdatabanken.no/Pages/286520. Lasta ned <dag/månad/år>.