Amerikatrollbær, ein framand trollbærart, er her avbilda i Botanisk hage på Tøyen i Oslo.

Amerikatrollbær er innført som prydplante, men er ikkje mykje dyrka i Noreg. Arten er førebels rapportert som forvilla berre éin stad i landet, i Asker (Akershus) i skog, der han kanskje er bufast. Han kjem opphaveleg frå Nord-Amerika.

Kjenneteikn

Amerikatrollbær er ei 30–70 cm høg fleirårig urt med snau og knebøygd stengel. Blada er oftast 4–5 gonger kopla. Dersom endesmåbladet er flika, er midtfliken oftast mykje lengre enn sideflikane. Blomane sit i ein opprett til nikkande klase. Dei fire begerblada og dei fire kronblada fell av tidleg. Blomane har talrike, kvite pollenberarar som er lengre enn blomeblada. Det er desse som fungerer som skiltapparat. Det eine fruktbladet vert til eit raudt, ca. 1 cm langt bær som er giftig.

Blada er oftast  4–5 gonger kopla.

Det eine fruktbladet utviklar seg til eit raudt, giftig bær.

Kromosomtal

Diploid med grunntal x = 8. 2n = 16. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Amerikatrollbær er ein innført art som er forvilla frå dyrking. Han er rapportert berre frå éin stad i Asker (Akershus), der han kanskje er bufast i skog. Arten er heimleg i Nord-Amerika.

Kommentarar

Amerikatrollbær tilhøyrer eit sirkumborealt kompleks og står nære vår heimlege trollbær og enno nærare raud trollbær A. erythrocarpa (Fisch.) Gürke, som veks som heimleg austover frå Nordaust-Sverige og Finland. Stundom vert han rekna som ein varietet av A. spicata. Amerikatrollbær vart nytta medisinsk i Nord-Amerika av dei innfødde.

Forvekslingar

Amerikatrollbær liknar på vår heimlege trollbær, men skil seg ved å ha raude, ikkje svarte, bær, og ved å ha 4–5 gonger kopla blad, ikkje tre gonger kopla blad. Han står nær eurasiatisk raud trollbær, men Uotila (2001) peiker på fleire karakterar som tyder på at dei to er artsskilde: amerikatrollbær er meir storvaksen, med større bær og frø, og ein eggforma heller enn elliptisk blomestand. Amerikatrollbær har òg grøne til svartraude blomeskaft og midtakse, medan raud trollbær har skarlaksraude blomeskaft og midtakse i blomestanden.

Kjelder

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.

Ford BA (1997). Actaea Linnaeaus. I: Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 3. Magnoliophyta: Magnoliidae and Hamamelidae. http://www.efloras.org/florataxon.aspx?flora_id=1&taxon_id=100421 Lasta ned 27/3/2022.

Uotila P (2001). Actaea L. I: Jonsell B (red.), Flora Nordica. 2. Chenopodiaceae to Fumariaceae: 294–297.

Siter nettsida som:

Hegre H og Elven R. Amerikatrollbær Actaea rubra (Aiton) Willd. www.artsdatabanken.no/Pages/286503. Lasta ned <dag/månad/år>.