Trollbær frå Fortun i Luster, Sogn og Fjordane.

Trollbær er ein heimleg plante som veks over det meste av landet. Bæra er kjende som giftige for både menneske og dyr. Planten, og då først og framst den tørka rota, har vore nytta medisinsk i tidlegare tider mot blant anna astma og kikhoste og som eit smertestillande middel mot leddplagar og tannverk.

Kjenneteikn

Trollbær er ei 30–70 cm høg fleirårig urt med snau og knebøygd stengel. Blada er oftast tre gonger kopla. Dersom endesmåbladet er flika, er midtfliken oftast ikkje mykje lengre enn sideflikane. Blomane sit i ein opprett til nikkande klase. Blomeblada er lite synlege og sit i to kransar med fire grønlege begerblad og fire kremkvite kronblad som alle fell av tidleg. Blomane har talrike, kvite pollenberarar som er lengre enn blomeblada. Det er desse som er skiltapparatet i blomen. Blomen har berre eitt fruktblad som vert til eit svart, ca. 1 cm langt, giftig bær.

Dei kvite blomane sit i ein opprett eller nikkande klase.

Blomeblada er lite synlege og fell tidleg av; her heng dei kvite kronblada framleis på. Det er dei talrike, kvite pollenberarane som er mest synlege.

Det eine fruktbladet utviklar seg til eit svart, giftig bær.

Kromosomtal

Diploid med grunntal x = 8. 2n = 16. Teljingar er mellom anna utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Trollbær veks i næringsrik skog og kratt og i ur, opp til skoggrensa, og så høgt som 1050 moh. i Hol (Buskerud). Arten er nokså vanleg i heile landet frå nemoral til mellomboreal (og dels i nordboreal) sone nord til Alta og Tana (Finnmark), men han er meir sparsam på ytre Vestlandet. Trollbær er utbreidd i Europa og Vest- og Mellom-Asia.

Trollbær veks i næringsrik skog og kratt, her i Fortun i Luster.

Kommentarar

Trollbær er eit namn som òg vert nytta om andre plantar med giftige bær, til dømes firblad Paris quadrifolia.

Forvekslingar

Trollbær har ingen opplagde forvekslingsartar, når ein ser bort frå den snarlike amerikatrollbær som har raude bær og noko meir samansette blad (4–5 gonger kopla). Amerikatrollbær er førebels berre funnen éin stad, i Asker (Akershus), og er difor ikkje ein sannsynleg forvekslingsart.

Kjelder

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.

Hjelmstad R (2012). Medisinplanter i Norge. Helsebringende vekster i naturen. Gyldendal Norsk Forlag. 422 s.

Høeg OA (1976). Planter og tradisjon. Universitetsforlaget, Oslo. 751 s.

Siter nettsida som:

Hegre H og Elven R. Trollbær Actaea spicata L. www.artsdatabanken.no/Pages/286502. Lasta ned <dag/månad/år>.