Alperanke avbilda på Bakklandet i Trondheim, Sør-Trøndelag.

Alperanke er ein innført plante som vert dyrka som prydplante. Han kjem opphaveleg frå fjellstrøk i Mellom- og Sør-Europa. Arten er svært lik vår heimlege skogranke, og stundom vert dei to handsama som underartar.

Kjenneteikn

Alperanke er ein 0,5–4 m lang, veik klengjebusk med motsette, 1–3 gonger kopla blad som er håra på undersida. Småblada er tilspissa og regelrett sagtanna. Blomane er langskafta og sit enkeltvis med fire blåfiolette petaloide (kronbladliknande) begerblad som er 3–4 cm lange. Blomane har ei bikrone danna av kronblad som er mindre enn halvparten så lange som begerblada og som er breie ved grunnen. Arten er vindspreidd; griffelen strekkjer seg og vert oftast fjørforma og sit att på frukta.

Alperanke er ein klengjebusk. Her klengjer han seg på sembrafuru Pinus cembra i Nord-Italia.

Dei kopla blada sit motsett på klengjestengelen.

Småblada er tilspissa og sagtanna.

Blomane er langskafta og sit enkeltvis.

Blomane har fire blåfiolette, kronbladliknande begerblad og ei bikrone danna av kronblad som er mindre enn halvparten så lange som begerblada.

Fruktene er vindspreidde; griffelen, som sit att på frukta, strekkjer seg og vert ofte fjørforma.

Kromosomtal

Diploid med grunntal x = 8. 2n = 16. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Alperanke er innført som prydplante og vart først funnen som forvilla i 2001. Arten er bufast og i auke spreidde stader på Austlandet og med einskilde funn i Kristiansand (Vest-Agder) og Gjesdal (Rogaland). Alperanke er heimleg i fjellstrøk i Mellom- og Sør-Europa.

Kommentarar

Skogranke og alperanke er nærskylde og har stundom vore rekna som underartar av same art. Alperanke har stigande popularitet som hageplante, noko som òg bidreg til aukande spreiing.

Forvekslingar

Alperanke kan verte forveksla med vår heimlege skogranke C. sibirica som ho er nært i slekt med, men alperanke har tilspissa og regelrett sagtanna småblad, medan skogranke har uregelrett sagtanna småblad som ikkje er tilspissa. Bikrona hos alperanke har kronblad som er breie ved grunnen, medan skogranke har kronblad som er smale ved grunnen. Begerblada er blåfiolette hos alperanke, medan dei er kvitgule hos skogranke.

Kjelder

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.

Siter nettsida som:

Hegre H og Elven R. Alperanke Clematis alpina Mill. www.artsdatabanken.no/Pages/286490. Lasta ned <dag/månad/år>.