Grøftesoleie er ein middels stor, heimleg plante som veks på fuktige stader i låglandet på Austlandet og i kyststrøk nord til Nordland. Stengelen er knebøygd og set røter i dei nedre leddknutane.

Grøftesoleie frå ei grøft på Vikna i Nord-Trøndelag.

Kjenneteikn

Grøftesoleie er ei fleirårig urt som vert om lag 10–50 cm høg. Planten er snau eller med einskilde hår. Stengelen er knebøygd, liggjande eller oppstigande, og på våte stader set han røter i dei nedre ledda. Blada er smalt avlange, lansettforma eller eggforma, heile eller dei nedre kan ofte vere litt tanna. Blomane er 1–2 cm breie og sit på lange, riflete skaft. Kronblada er gule, og begerblada er ikkje nedbøygde. Fruktfestet er snautt. Smånøttene er ca. 1–1,5 mm lange, glatte og snaue, og med kort og rett nebb.

Planten er knebøygd og set røter i dei nedre ledda på våte stader.

Her er blada er smalt avlange til lansettforma.

Blomane er gule, 1–2 cm breie og sit på lange skaft.

Smånøttene er glatte og snaue, med kort og rett nebb.

Kromosomtal

Arten er tetraploid med grunntal x = 8. 2n = 32. Teljingar er mellom anna utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Grøftesoleie veks på våte stader, her i ei grunn tjørn i Askvoll.

Grøftesoleie veks i grøfter, vasskantar, små tjørner og i vassfylte groper i strandberg, både på næringsfattige og stundom på noko gjødsla stader. Arten er mest knytt til nemoral til sørboreal sone, men går òg inn i mellomboreal sone. Han er nokså vanleg i låglandet på Austlandet og vanleg i kyststrøk nord til Bodø og Vågan (Nordland). Økologi og utbreiing vert diskutert av Fægri (1960). Grøftesoleie er utbreidd i Europa, Nord-Afrika og Vest-Asia.

Kommentarar

På Dei britiske øyane reknar Stace (2019), og mange tidlegare forfattarar, med tre underartar: subsp. flammula som er utbreidd over det heile, og to nordlege og nordvestlege underartar i Skottland og Irland: subsp. minimus (A.Benn.) Padmore og subsp. scoticus (E.S.Marshall) A.R.Clapham. Desse skil seg hovudsakleg i bladform og i kor varige grunnblada er. Førekomst av ein eller begge desse har vore antyda i Noreg, men herbariematerialet er førebels ikkje grundig granska. Det ville ikkje vore uventa om ein eller begge desse dukkar opp på kysten i Noreg, i og med dei store fugletrekka mellom Skottland og særleg Nordland.

Hybridar mellom grøftesoleie og evjesoleie R. reptans L. er nokså vanlege i kyststrøk nord til Lofoten. Dei er truleg ikkje heilt sterile; begge artane er tetraploide med same kromosomtal. Tilbakekryssing med foreldra er sannsynleg og er nok årsaka til at ein mange stader ikkje kan dele dei plantane som ein finn, på to klåre grupper.

Forvekslingar

Grøftesoleie kan lett verte forveksla med evjesoleie, og dei to artane er ikkje heilt klårt avgrensa frå kvarandre. Grøftesoleie er ein større plante som er oppstigande (eller flytande) og ikkje krypande som den alltid lågvaksne evjesoleia. Blomen er òg større hos grøftesoleie (1–2 cm mot opptil 1 cm hos evjesoleie), og blada hos grøftesoleie er lansettforma til eggforma, medan dei er trådsmale til smalt lansettforma hos evjesoleie.

Kjelder

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.

Fægri K (1960). Maps of distribution of Norwegian vascular plants. I. Coast plants: Ranunculus flammula: 106–107 + pl. XLIV.

Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. Fourth edition. C & M Floristics, United Kingdom. 1266s.

Siter nettsida som:

Hegre H og Elven R. Grøftesoleie Ranunculus flammula L. www.artsdatabanken.no/Pages/286387. Lasta ned <dag/månad/år>.