Setersoleie er ein heimleg liten plante som høyrer til arten sumpsoleie. Dette er den underarten som ein hovudsakleg finn på fastlandet.

Underarten setersoleie har eggforma og sprikjande bladflikar.

Kjenneteikn

Setersoleie er ei fleirårig urt som vert om lag 2–5 cm høg. Stengelen er krypande eller flytande og set røter. Planten er snau og mørkgrøn med blad som er oftast grunt delte (sjeldan meir enn til inn mot midten) i tre eggforma og sprikjande hovudflikar som kan vere delte på ny. Midtfliken er ofte like brei som lang. Frå bladhjørne kjem bogeforma blomeskaft med einskilde, små (ca. 5 mm breie) og gule blomar med tre kronblad og tre begerblad som ikkje er nedbøygde. Kronblada skal visstnok vere jamlange med eller litt kortare enn begerblada. Fruktsamlinga er 3–5 mm brei. Blomen har berre nokre få pollenberarar. Fruktfestet er snautt.

Kromosomtal

Underarten er tetraploid med grunntal x = 8. 2n = 32. Teljingar er mellom anna utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Setersoleie veks spreidde stader i fjellskogen og på fjellet, på fuktig beitemark, i kjeldesig, vasspyttar og vasskantar, ofte der det er nitrogenrikt. På fastlandet er underarten knytt til nordboreal til subarktisk sone (sjeldsynt i mellomboreal sone) og opp til mellomalpint høgdebelte; i Arktis er han funnen i mellomarktisk sone. Underarten er austleg og veks spreidd i sør frå Ringsaker (Hedmark), Lillehammer (Oppland), Gol (Buskerud) og Luster og Stryn (Sogn og Fjordane) nord til Engerdal (Hedmark) og Oppdal (Sør-Trøndelag). I nord veks han frå Saltdal og Bodø (Nordland) til Aust-Finnmark. Underarten er nokså vanleg på Bjørnøya. Han har ei omlag sirkumpolar utbreiing.

Forvekslingar

Setersoleie er rimelegvis lik den andre underarten tundrasoleie subsp. arnellii, men skil seg dels geografisk ved at setersoleie veks på fastlandet og på Bjørnøya, medan tundrasoleie hovudsakleg veks på Svalbard og på Jan Mayen. Førekomstane av sistnemnde òg i kyststrøk i Nordland øydelegg denne geografien noko. Setersoleie har dessutan eggforma og sprikjande bladflikar, medan tundrasoleie har linjeforma til avlange bladflikar som er retta framover. Fruktsamlinga er 3–5 mm brei hos setersoleie og berre 2–3 mm brei hos tundrasoleie.

Kjelder

Elven R, Arnesen G, Alsos IG og Sandbakk B (2020). Svalbardflora https://svalbardflora.no

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.

Nilsson Ö (2001). Ranunculus hyperboreus Rottb. I: Jonsell B (red.), Flora Nordica. 2. Chenopodiaceae to Fumariaceae: 269–271.

Siter nettsida som:

Hegre H og Elven R. Setersoleie Ranunculus hyperboreus subsp. hyperboreus. www.artsdatabanken.no/Pages/286380. Lasta ned <dag/månad/år>.