Alle bilete som har ein open lisens kan fritt brukast under føresetnad av at fotografen blir namngitt og lisensen blir oppgitt. I tillegg endringane dine av originalen dokumenterast, og det bør vere synleg kvar biletet er henta frå (ved hjelp av lenkje) og kva originaltittelen var. Det enklaste er å berre vise til originalen.

Dei ulike typane opne lisensar kan kort beskrivast slik:

  • Creative Commons (CC) BY: Du kan gjere kva du vil, men du må oppgi eigar, lisens og kva du har endra. Les meir om CC BY 4.0.
  • Creative Commons (CC) BY-SA: Du kan gjere kva du vil, men du må oppgi eigar, lisens og kva du har endra. Dersom du bruker det til å skape noko nytt, må det du skaper få same lisens. Les meir om CC BY-SA 4.0.
  • CC0, PD og andre public domain: ingen eig biletet, eller eigaren har fråsagt seg alle rettar. Vi behandlar det likevel som CC BY 4.0, men oppgir likevel den lisensen biletet har.
  • NLOD: Norsk lisens for offentlege data. Kompatibel med CC BY 4.0.

Les meir om lisensar og bruk av bilete.

Bilete utan lisens og copyright

Dersom fotograf ikkje har oppgitt lisens på biletet, antek vi at biletet har copyright/opphavsrett. Då gjeld same reglar som for bilete med copyright (c).

Les meir om Artsdatabanken sin policy for opne lisensar, retningslinjer og fordeling av data.