Purpursolbær er ein hybridart som oppstår spontant mellom foreldreartane svartsurbær og raudsurbær i Nord-Amerika. Han er litt dyrka som pryd- og bærbusk. Ein har tidlegare trudd at mykje av det forvilla surbær-materialet i Noreg, har vore denne hybriden, men det har vist seg at mesteparten tilhøyrer den kunstig frambrakte hybriden ×Sorbaronia mitschurinii. Berre eit usikkert funn frå Kristiansand i 2002 kan tilhøyre purpursurbær, og denne planten var dyrka.

Kjenneteikn

Purpursurbær er ein opptil 2 m høg busk som set rotskott (ein skilnad mot ×Sorbaronia). Blad, blomestandakse, underbeger og begerblad er grisse håra. Blada sit skruestilte som elles i rosefamilien og er oftast omvendt eggforma med tydelege, men små og tettstilte tenner, om lag alltid med ein svartraud kjertel i spissen. Kjertelen utgjer ein betydeleg del av tanna. Langsmed oversida av midtnerven og ofte litt ut på sidenervane sit det talrike, svartraude og tappforma kjertlar, ein spesiell karakter som skil Aronia (og ×Sorbaronia) frå andre buskar både i rosefamilien og elles. Blomane er kvite og sit i nokså diffuse halvskjermar. Fruktene (bærepler) er relativt små, det vil seie ca. 0,5 cm (opptil 0,7 cm) i diameter og er grisse håra, matte og mørkt purpurfarga som mogne. Frøa vert spreidde med fugl som et dei saftige bærepla.

Kromosomtal

Arten er hovudsakleg tetraploid med grunntall x = 17 og kromosomtal 2n = 68. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Purpursolbær er innført og vert dyrka som pryd- og bærplante. Arten er førebels (per 21.08.2023) ikkje dokumentert som forvilla i norsk natur; storparten av dei tidlegare angjevne funna av hybriden, tilhøyrer den kunstig framstilte hybriden ×Sorbaronia mitschurinii (Elven og Hegre 2023).

Purpursurbær kjem opphaveleg frå austlege Nord-Amerika der han oppstår spontant i overlappingssoner mellom foreldreartane raudsurbær og svartsurbær.

Kommentarar

Dei tidlegare angjevne funna av hybriden er, etter ein revisjon (sjå Elven og Hegre 2023), ikkje lenger godtekne, dels på grunn av manglande dokumentasjon og mykje på grunn av feilbestemmingar. Sistnemnde er ikkje anna enn forventa; ingen har tidlegare har vore merksame på det mest utbreidde taksonet storsurbær.

Forvekslingar

Buskar med skruestilte, tanna blad med dei karakteristiske tappforma kjertlane på midtnerven og stundom på sidenervene kan ikkje vere noko anna enn surbær i vid forstand (Aronia eller ×Sorbaronia). Purpursurbær og dei andre Aronia-taksaene skil seg frå storsurbær i bladtanninga som er tett (med svært små tenner) og om lag alltid med ein om lag svart kjertel i enden, medan storsurbær har grøvre tenner og ofte utan kjertel i enden, og der kjertelen – om han finst – utgjer ein mykje mindre del av tanna. Purpursurbær har ein meir diffus blomestand og mindre frukter enn storsurbær. Blada er omtrent alltid breiast ovanfor midten hos purpursurbær, ikkje kring midten som hos storsurbær. I tillegg set Aronia-artane rotskott, noko storsurbær ikkje gjer.

Purpursurbær skil seg frå foreldreartane i hårklednad. Blad, blomestandsakse, underbeger og begerblad er grisse håra hos purpursurbær medan dei er tetthåra hos raudsurbær og snaue eller om lag snaue hos svartsurbær. Mogne frukter er mørkt purpurfarga, matte og grisse håra hos purpursurbær medan dei er raude, blanke og tydeleg håra hos raudsurbær og svarte, blanke og snaue hos svartsurbær.

Kjelder

Brand MH, Obae SG, Mahoney JD og Connolly BA (2022). Ploidy, genetic diversity and speciation of the genus Aronia. Scientia Horticulturae 291, 110604.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Elven R og Hegre H (2023). Surbær i Norge har vært misforstått. Blyttia 81: 99–111.

Hardin JW (1973). The enigmatic chokeberries. Bulletin of the Torrey Botanical Club 100: 178–184.

Leonard PL, Brand MH, Connolly BA og Obae SG (2013). Investigations into the origin of Aronia mitschurinii using amplified fragment length polymorphism analysis. HortScience 48: 520–524.

Mahoney JD, Hau TM, Connolly BA og Brand MH (2019). Sexual and apomictic seed reproduction in Aronia species with different ploidy levels. HortScience 54: 642–646.

Pankhurst RJ (2014). Aronia Medikus. I Flora of North America Editorial Committee (utg.), Flora of North America North of Mexico 9. http://www.efloras.org/florataxon.aspx?flora_id=1&taxon_id=102649

Sennikov AN og Phipps JB (2013). Atlas Florae Europaeae notes, 19–22. Nomenclatural changes and taxonomic adjustments in some native and introduced species of Malinae (Rosaceae) in Europe. Willdenowia 43: 33–44.

Skvortsov AK og Maitulina YuK (1982). On distinctions of cultivated black-fruited Aronia from its wild ancestors. Bjull. Glavn. Bot. Sada AN SSSR 126: 35–40. [På russisk.]

Skvortsov AK, Maitulina YuK og Gorbunov YN (1983). Cultivated black-fruited Aronia: Place, time, and probable mechanism of formation. Bjull. MOIP. Otd. Biol. 88: 88–96. [På russisk, omset av I. Kadis 2011.]

Stalažs A (2021). ×Sorbaronia mitschurinii: from an artificially created species to an invasion in Europe: repeating the fate of invasive Amelanchier ×spicata, a review. Journal of Plant Research 134: 497–507.

Siter nettsida som:

Hegre H og Elven R. Purpursurbær Aronia ×prunifolia (Marshall) Rehder. www.artsdatabanken.no/Pages/366663. Lasta ned <dag.månad.år>