Artsprosjekt: Scalidophora i Noreg

Scalidophora er ei gruppe marine evertebratar der taksonomien er usikker. I Noreg har vi òg lite kunnskap om mangfaldet og utbreiinga av desse artane. Prosjektet skal auke kunnskapen om Scalidophora i våre farvatn.

Innhold

Av
Joel Vikberg
Utgiver
UiT Norges arktiske universitet
Last ned (2.65 MB, JPG)
Priapulida er ei gruppe marine marker som er kjende frå kysten av Noreg og i norske farvatn. Dei vert frå 5 mm til 20 cm lange, og lever på gjørmebotn ned til 90 meters djup. Biletet syner arten frynsepølseorm Priapulus caudatus. Foto: Joel Vikberg, Noregs arktiske universitet (UiT).

Fakta om artsprosjektet

Prosjektnavn: Scalidophora of Norway
Prosjektleder: Andreas Altenburger
Prosjektnummer: 7-24
Institusjon: UiT Norges arktiske universitet
Periode: 2024–27
Status: Pågår

Prosjektets formål

Hovudmålet for prosjektet er å kartleggje mangfaldet innan Scalidophora i Noreg, med særleg vekt på Nord-Noreg og Svalbard. I løpet av den tre år lange prosjektperioden vil det bli gjort innsamling av dyr frå ulike marine habitat. Dyra vil bli artsbestemde ved hjelp av tradisjonell taksonomisk metode, det vil seie studiar av morfologi, og mikroskopering (lysmikroskop og sveipelektronmikroskop).

Om Scalidophora

Scalidophora omfattar dei tre dyregruppene Kinorhyncha, Loricifera og Priapulida.

Kinorhyncha, eller kinorhyncher på norsk, er små dyr, mindre enn 1 mm, som lever på havbotnen. I Noreg er det funne 16 artar av kinorhyncher, men vi har truleg dobbelt så mange.

Loricifera er òg veldig små dyr, i mange tilfelle mikroskopiske. Guppa er enno berre påvist med to eksemplar i Noreg, noko som er overraskande med tanke på at vi har ein lang kyst med mykje sandbotn der ein kunne forvente å finne Loricifera.

Priapulida er ei gruppe marine markar som er kjende frå kysten av Noreg og i norske farvatn. Dei blir frå 5 mm til 20 cm lange, og lever på gjørmebotn.

Av
Andreas Altenburger
Utgiver
UiT Norges arktiske universitet
Last ned (2.56 MB, JPG)
Innhaldet i ein trålpose blir saumfara og sortert.

Gjennomføring

Deltakarane i prosjektet «Scalidophora i Noreg» kjem frå Noreg, Polen, Spania og Danmark, og er ekspertar på taksonomi, økologi og genetikk.

Artar som blir bestemde morfologisk, vil bli DNA-strekkoda via det nasjonale DNA-strekkodebiblioteket NorBOL. Det vil bli gjennomført ei evaluering for å finne ut meir om kva strekkodemarkørar som eignar seg best for å identifisere Scalidophora (blant dei COI, 18s, 28s, og mitokondriemarkørar).

Nye artar som vert oppdaga i løpet av prosjektperioden vil bli beskrive vitskapleg og publiserte.

Artsdatabankens tenester artshåndbok og Artsorakel vil bli oppdatert med informasjon om artane som blir funne og kvar dei blir funne, slik at samfunnet får betre forståing for desse relativt ukjende artane.

Resultater

Gjennom å arrangere kurs i regi av ForBio, vil prosjektet òg bidra til å utdanne nye taksonomar med kunnskap om korleis ein bestemmer Scalidophora.

Av
Andreas Altenburger
Utgiver
UiT Norges arktiske universitet
Last ned (553.05 KB, PNG)
Uidentifiserte eksemplarar av det som truleg er Priapulida i museet si samling.
Av
Joel Vikberg Wernström
Last ned (1.17 MB, JPG)
Denne arten i slekten Rugiloricus ble funnet i en prøve fra Barentshavet. Dette er det første individet fra klassen Loricifera som noensinne er funnet i norske farvann. Dyret er ennå ikke artsbestemt.