Sanddodre er framand, men har vore den eininga i oljedodreslekta som har vore bufast i Noreg, på tørr, grunnlendt kalkmark nokre få stader på Austlandet. Planten er no truleg ikkje lenger bufast, men er funnen heilt fram til no som meir tilfeldig.

Sanddodre er framand og har tidlegare vore bufast nokre stader på Austlandet, men har no gått attende.

Kjenneteikn

Sanddodre er ein stivt opprett, eitt- eller toårig plante opptil 50 cm. Nedre del av stengelen og dei nedre blada er oftast tetthåra med både greina og ugreina hår. Blada har stengelomfattande bladgrunn og er ofte tanna eller grunt flika. Blomestanden er ein klase som strekkjer seg mykje i fruktstadiet. Kronblada er bleikgule og 2,5–4 mm lange. I fruktstanden er dei nokså grove skulpeskafta noko opprette eller sprikjande og oftast kortare enn 2 cm, noko som gjer fruktstanden nokså tett. Skulpa er ei pæreforma kortskulpe på om lag 4–7 × 4–5 mm, med hard vegg der midtnerven berre går om lag halvveges opp på skulpeveggen. Griffelen utgjer om lag 1/3 av heile skulpa. Frøa er 0,7–1,5 mm, tydeleg mindre enn hos den andre underarten.

Kromosomtal

Kromosomtal er eit problem i slekta Camelina. Grunntala er frå x = 6 til 13, oftast 10. Sanddodre er oftast tetraploid med grunntal oftast x = 10 og kromosomtal 2n = 40, men det er òg rapportert kromosomtal på 2n = 16, 18, 20, 24, 26, 32 og 38. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Sanddodre er framand og truleg mykje komen inn med ballastjord og med grasfrø. Planten vart først funnen på Sjursøya i Oslo i 1834, nær ballastplassen på Grønlia, og han etablerte seg på kalkrikt grunnlende og sandjord fleire stader, mellom anna på kalkøyane Hovedøya, Ulvøya og Malmøykalven i nærleiken til Sjursøya. Elles er han funnen i kunsteng, åker og på skrotemark. Gjennom tida er han funnen mange stader på Austlandet nord til Ringsaker (Hedmark) og Gran (Oppland), og dessutan i Dovre (Oppland), i låglandet og kyststrøk til Hordaland, og med nokre få funn i Skaun og Trondheim (Sør-Trøndelag), Stjørdal (Nord-Trøndelag) og Alstadhaug (Nordland). Den siste kjente førekomsten på grunnlendt kalkmark var på Ulvøya i Oslo, der han sist vart funnen i 1992. Seinare er han berre kjent med ugrasfunn frå to mølleområde i Stavanger (Rogaland) i 2002 (og materialet er ikkje sikkert identifiserbart til underart) og i Kristiansand (Vest-Agder) i 2003 (sikkert identifisert) og frå to funn i Tønsberg (Vestfold) i 2021, det eine ein observasjon, det andre eit herbariebelegg frå i ein åker som kanskje har vore ‘grøngjødsla’ med innførte såfrø. Sanddodre er ikkje lenger ein bufast plante i Noreg.

Historia til sanddodre i Norden er noko usikker. Hartvig (2015) skriv at det er funn av makrofossilar i Danmark frå tidleg mellomalder, men at det første meir moderne funnet er i 1846, nokså samstundes med det første funnet i Noreg. I Sør-Sverige kom han òg inn kring midten av 1800-talet, var fleire stader nokså hyppig, men er no hovudsakleg tilfeldig. Elles er han vidt utbreidd i Mellom- og Sør-Europa, Nord-Afrika, og i Asia aust til Kina og Aust-Sibir.

Ein større del av materialet for arten Camelina sativa er ikkje revidert, i samlingar og opplysningar, og kartet er difor ikkje særleg nyttig.

Kommentarar

Storparten av forfattarar reknar sanddodre som ein art (Camelina microcarpa Andrz. ex DC.) særskild frå oljedodre. Han kan vere villplanten som dei andre Camelina-artane og rasane har utvikla seg frå, Camelina sativa s. str. som ein nytteplante og Camelina alyssum som meir spesialiserte ugrasplantar i åkrar. Underartane subsp. sativa og subsp. microcarpa synest å vere knytt saman med nokre mellomformer.

Forvekslingar

Sanddodre skil seg frå den andre underarten, oljedodre subsp. sativa, i at planten har mindre skulpe (5–7 mm mot 7–9 mm), mindre frø (om lag 1 mm mot 1–2 mm), og i at stengelen (og oftast òg blada) er tetthåra med nokså lange hår (mot lite håra eller snau).

Kjelder

Al-Shehbaz IA og Beilstein MA (2010). Camelina Crantz. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 451–453.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Hartvig P (2015). Atlas Flora Danica 1–3. Gyldendal, København.

Meikle BD og Akeroyd JR (1993). Camelina Crantz. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 380–381.

Mirek Z (1981). Genus Camelina in Poland: Taxonomy, distribution and habitats. Fragmenta Floristica et Geobotanica 27: 445–507.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 30/11/2022

Rich TCG (1991). Crucifers of Great Britain and Ireland. BSBI Handbook 6. Botanical Society of the British Isles, London. 338 s.

Smejkal M (1971). Revision der tschechoslowakischen Arten der Gattung Camelina Crantz (Cruciferae). Preslia 43: 318–337.

Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.

Siter nettsida som:

Elven R og Hegre H. Sanddodre Camelina sativa subsp. microcarpa (Andrz. ex DC.) Thell. www.artsdatabanken.no/Pages/345538. Lasta ned <dag.månad.år>.