Boarsvineblom fargar skråninga ned mot dette vatnet gult. Her frå Farsund i Vest-Agder.

Boarsvineblom er ein framand art som er komen inn som blindpassasjer med ulike transportmiddel frå andre stader lenger sør i Europa. Der er han heller ikkje heimleg, men komen inn mellom anna som forureining i ull. Boarsvineblom er ei fleirårig urt eller ein halvbusk som høyrer til korgplantefamilien. Arten er no funnen mange stader på Austlandet og i kyststrøk på Sør- og Vestlandet. Han kjem opphaveleg frå Sør-Afrika.

Kjenneteikn

Boarsvineblom er ei urt eller ein halvbusk som blir 20–80 cm høg. Planten er rikt greina med stengel som oftast er noko forveda nedst. Heile planten er om lag snau. Blada er linjeforma og om lag heile. Korgene sit i ein halvskjerm, liksom hos dei fleste andre artane i svineblomslekta. Korga er 10–15 mm brei med 6–9 mm lange korgdekkblad. Korgdekkblada sit i eitt tydeleg lag som hos dei andre artane i slekta, og som hos desse med ei rekkje korte korgdekkblad nedanfor desse (vert stundom kalla støtteblad). Desse nedste korgdekkblada hos boarsvineblom er 10–20 i talet og med kvit, frynsete kant. Kantkronene er tungeforma og gule, 10–15 i talet, og om lag 5–8 mm lange. Frukta, som i korgplantefamilien er ei nøtt der frøskalet er samanvaksen med fruktveggen, har ribber (slektskjenneteikn) og er tetthåra.

Boarsvineblom i fullt flor i Farsund, Vest-Agder. Korgene er nokså store, det vil seie 10–15 mm breie, og sit i ein halvskjerm.

Boarsvineblom med sine særprega linjeforma og (om lag) heile blad.

Kromosomtal

Arten er tetraploid (i Europa og dels i Sør-Afrika) med grunntal x = 10 og kromosomtal 2n = 40 (20). Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale. Det synest som det finst både diploide og tetraploide cytotypar (ulike ploidinivå) i heimlandet Sør-Afrika og hovudsakleg diploide i Sør-Amerika og Australia.

Økologi og utbreiing

Boarsvineblom er ein framand art som er komen inn som blindpassasjer med transportmiddel, mellom anna med jernbanen til Oslo. Han vart først funnen i 1995 og er allereie bufast og i rask auke. Arten er knytt til nemoral til boreonemoral sone. Boarsvineblom veks helst på lysopen, tørr og næringsfattig grunn, ofte på grus og ymse skrotemark som i hamner og liknande. Det er mange funn på Austlandet frå Halden (Østfold) og Larvik (Vestfold) inn til Oslo og med førekomstar i Stange og Ringsaker (Hedmark). Det er òg mange funn i kyststrøk frå Kristiansand (Vest-Agder) til Bømlo (Hordaland, der han kom tidleg) og med nokre funn i Giske og Kristiansund (Møre og Romsdal). Arten kjem opphaveleg frå Sør-Afrika og kom inn til Europa i første halvdel av 1900-talet som forureining med importert ull. Vidare har han spreidd seg med frø via ulike transportmiddel.

Boarsvineblom finn seg òg til rette på beitemark. Han er giftig, og beitedyra let difor planten vere i fred.

Her veks boarsvineblom på skrotemark saman med ein annan art i svineblom-slekta nedst til høgre: Åkersvineblom Senecio vulgaris, den einaste arten i slekta utan tungeforma kantkroner. Dei flika til delte blada hos åkersvineblom er òg typisk for mange av dei andre artane i slekta.

Boarsvineblom er nokså nøysom og set ikkje så høge krav til sine omgjevnader. Her frå Farsund i Vest-Agder.

Boarsvineblom trivst godt på skrotemark av ymse slag. Her frå Farsund i Vest-Agder.

Kommentarar

Korgplantefamilien er ein stor plantefamilie som er delt inn i tre underfamiliar og fleire rekkjer. Svineblomslekta tilhøyrer underfamilien Asteroideae som er kjenneteikna av sokalla radiate korger, det vil seie korger som har ei skive i midten med korte, røyrforma skiveblomar (oftast med femtanna krone) og ein kant med lengre, tungeforma kantblomar (oftast med tretanna krone). Slekta tilhøyrer vidare rekkje Senecioneae der blada er skruestilte eller grunnstilte og heile til djupt delte. Korgdekkblada sit i eitt eller to lag, og dei ytre er oftast mykje mindre enn dei indre. Blomeleiet er uten agner, det vil seie utan støtteblad for den einskilde blomen i korga. Kroner på både skive- og kantblomane er oftast gule.

Forvekslingar

Boarsvineblom har eigentleg ingen opplagde forvekslingsartar. Han er den einaste arten i svineblomslekta med slike linjeforma blad. Av dei andre artane i svineblomslekta er det berre éin til som har forveda stengel nedst, og det er steinsvineblom Senecio squalidus. Steinsvineblom er ein annan framand art som kom inn tidleg med ballastjord. Han har grovt tanna til djupt flika blad, medan blada hos boarsvineblom er om lag heile. Steinsvineblom har dessutan breiare korger enn boarsvineblom, det vil seie 15–25 mm mot 10–15 mm.

For sikker namnfesting av boarsvineblom er det naudsynt med bilete av blad, korgsamling og korgdekke.

Steinsvineblom Senecio squalidus kan minne litt om boarsvineblom, men har breiare korger og djupt flika blad.

Vårsvineblom Senecio leucanthemifolius er på ingen måte ein forvekslingsart mot boarsvineblom, men er teken med for å vise ein eittårig art med flika blad. Denne arten har nokså store korger likt boarsvineblom, men skilnadane i bladform og vekseform er store.

Åkersvineblom Senecio vulgaris er heller ingen forvekslingsart, men er teken med for å syne dei mogne fruktene i slekta.

Kjelder

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Hartvig P (2015). Atlas Flora Danica. Bind 3. Gyldendal, København. 1230 s.

Heger T og Böhmer HJ (2006). NOBANIS – Invasive Alien Species Fact Sheet – Senecio inaequidens. www.nobanis.org. Lasta ned 10/11/2022.

Lafuma L, Balkwill K, Imbert E, Verlaque R og Maurice S (2003). Ploidy level and origin of the European invasive weed Senecio inaequidens (Asteraceae). Plant Systematics and Evolution 243: 59–72.

Stace CA og Crawley MJ (2015). Alien Plants. The New Naturalist Library 129. 626 s.

Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. Fourth edition. C & M Floristics, United Kingdom. 1266 s.