Blømande kjempespringfrø frå Halsa i Møre og Romsdal.

Kjempespringfrø er ei eittårig urt i springfrøfamilien og vert dyrka som prydplante. Arten har spreidd seg frå dyrking og er no naturalisert i mange fuktige habitat. Arten har sokalla eksplosive frukter, det vil seie at det byggjes opp eit safttrykk i frukta som til slutt vert utløyst, gjerne ved berøring. Frøa vert «skotne ut» når kapselflikane brått krøllar seg tilbake. Slektsnamnet Impatiens tyder utolsam (tenk berre på engelsk "impatient") og syfter på fruktene som berre ventar på ei berøring.

Kjenneteikn

Kjempespringfrø er ei 70–150 cm høg, eittårig urt med ein svært saftfull og gjennomskinleg stengel, ofte med store oppsvolne leddknutar. Blada er motsette eller sit tre i krans og er mørkgrøne, noko saftfulle, sagtanna og har kjertlar ved grunnen. Blomane er, som hos slekta elles, monosymmetriske og maskeforma med tre farga begerblad som ser ut som kronblad. Det eine begerbladet har ein nektarspore. Blomane har fem kronblad, og dei fire nedre er samanvaksne i to par. Kjempespringfrø har store, raude eller raudfiolette, stundom kvite eller tofarga i kvitt og raudt, blomar med ein svært kort og krøkt spore. Kjempespringfrø har kapselfrukter som, lik dei andre artane i slekta, har eksplosiv eigenspreiing av frø, men frøa vert òg spreidde med vatn eller stundom maur. Arten har ein imponerande frøproduksjon: ein einskild plante kan produsere meir enn 4000 frø!

Blomen har tre farga begerblad, éitt av dei med ein kort spore, og fem (her lysare) kronblad der fire av dei er parvist samanvaksne (det som her ser ut som dei to nedste kronblada).

Kapselfrukter hos kjempespringfrø som er er i gang med å byggje opp naudsynt saftspenning.

Kapselfrukta har her “eksplodert”; flikane har krølla seg attende, og frøa er slynga ut. 

Blada sit motsette – som her – eller i krans hos kjempespringfrø.

Kjempespringfrø med særs saftfylt stengel som er oppsvolle ved leddknutane.

Kromosomtal

Arten er diploid med grunntal 9. 2n = 18 (20). Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Kjempespringfrø er innført og vert dyrka som prydplante. Arten er forvilla og vart først funnen i norsk natur i 1940. Han er bufast og er naturalisert i fuktig og oftast næringsrik skog, våt eng, på flaummark og i vasskantar og i grøfter, vegkantar, og meir sjeldsynt i tangvoll. Arten er i svært rask auke. Kjempespringfrø er hovudsakleg knytt til nemoral til mellomboreal sone, men er òg funnen i nordboreal sone. Arten er nokså vanleg på Austlandet inn til Trysil (Hedmark) og Vågå (Oppland) og i kyststrøk nord til Kvænangen (Troms) og Loppa (Finnmark). Kjempespringfrø kjem opphaveleg frå Himalaya.

Kjempespringfrø er eittårig og har ein særs effektiv frøproduksjon. Her eit knippe frøplantar.

Kjempespringfrø veks gjerne i fuktige habitat. Her ein tett bestand av kjempespringfrø i ei veggrøft i Halsa i Møre og Romsdal.

Kommentarar

Blomane hos kjempespringfrø skal etter sigande ha høgare nektarproduksjon enn nokon heimleg europeisk plante. Dei trekkjer difor til seg ei rekkje insektpollinatorar, særleg honningbier, humler og blomsterfluger. Kjempespringfrø har av difor vore nytta som trekkplante for bier.

Forvekslingar

Kjempespringfrø har ingen opplagde forvekslingsartar. Dei to andre nokså vanlege artane i slekta, heimleg springfrø Impatiens noli-tangere og framand mongolspringfrø Impatiens parviflora, har båe gule blomar, medan kjempespringfrø har raudlege blomar.

Utan blomar kan dei skiljast på at kjempespringfrø har tjukke blad og stenglar, medan dei to andre har tynne blad og stenglar. Blada hos heimleg springfrø har færre og grovare tenner enn blada hos dei to framande artane (sjå bilete). Blada er særleg kvasstanna hos kjempespringfrø. Bladstillinga skil òg dei tre: kjempespringfrø har motsette blad eller tre blad i krans, heimleg springfrø har skruestilte blad og framand mongolspringfrø har motsette blad nedst på stengelen og skruestilte blad øvst.

Dei to gulblomstra artane skil seg dessutan i blomestorleik og blomefarge: heimleg springfrø har ca. 3 cm lange sitrongule blomar, medan framand mongolspringfrø har ca. 1 cm lange bleikgule blomar. Springfrø har elles ein sterkt krøkt spore som er mykje lengre enn brei, medan mongolspringfrø har ein mindre krøkt spore som berre er litt lengre enn brei.

For sikker namnfesting av kjempespringfrø trengst det eigentleg berre eit bilete av planta på avstand, av di han ikkje har nokre opplagde forvekslingsartar.

Heimleg springfrø har store sitrongule blomar med ein lang og sterkt krøkt spore. Blada er tynne og butt-tanna.

Framand mongolspringfrø har nokså små, bleikgule blomar med ein kort og lite krøkt spore. Blada er tynne og kvasstanna.

Kjelder

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Galstyan A og Hay A (2018). Snap, crack and pop of explosive fruit. Current Opinion in Genetics & Development 51: 31–36.

Helmisaari H (2010). NOBANIS – Invasive Alien Species Fact Sheet – Impatiens glandulifera https://www.nobanis.org/globalassets/speciesinfo/i/impatiens-glandulifera/impatiens_glandulifera.pdf. Lasta ned 20/10/2022.

Invasive Species Compendium. Datasheet: Impatiens glandulifera (Himalayan balsam).   https://www.cabi.org/isc/datasheet/28766#tosummaryOfInvasiveness. Lasta ned 20/10/2022.