Lækjepestrot er ein framand korgplante som kanskje vart innført allereide i mellomalderen, både som pryd- og medisinplante. Planten kan omtalas som «planterikets Houdini»; om han vert planta i ein behaldar kan han «stikke av» ved at jordstenglane veks seg gjennom behaldaren! Slektsnamnet Petasites tyder «breibremma hatt» og syfter på dei gigantiske blada.

Kjenneteikn

Lækjepestrot er ei fleirårig urt som kan bli 20–60 cm høg. Ho har, som dei andre i slekta, lange og bleike jordstenglar, og er særbu (sjå kommentarar). Planten har innhol raudfiolett vårstengel med mørkt fiolette skjelblad. Sommarblada vert opptil 70 cm breie og er breitt hjarteforma til om lag runde i omriss. Dei er butt-tanna, og grålodne under. Bladskaftet har ei smal djup renne på oversida. Korgene er kortskafta og sit i ein tett klase. Kronene er lyst raudfiolette, og alle er røyrforma. Som hos dei andre artane i slekta, strekkjer stengelen seg sterkt under fruktmogninga. Pappus, det omdanna begeret, er ein fnokk danna av mange hårstrålar som sørgjer for vindspreiing av frøa (men arten set ikkje frø i Noreg, sjå kommentarar).

Lækjepestrot ser ikkje ut til å bry seg særleg om fartsgrense-skiltet … Her frå Rana i Nordland.

Kromosomtal

Arten er heksaploid med grunntal 10. 2n = 60. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Lækjepestrot er ein framand art som er innført som pryd- og medisinplante, kanskje allereie i mellomalderen. Arten vart først funnen i naturen i 1820-åra, men han kan godt ha vore forvilla tidlegare. Han er bufast og i auke og vert ofte naturalisert i grøfter, på vegkantar, på vasskantar og andre våte stader og på anna skrotemark, helst på næringsrik og lysopen grunn. Lækjepestrot er knytt til nemoral til mellomboreal sone. Han veks på Austlandet i Eidskog (Hedmark), fleire stader frå Hamar (Hedmark) og nord til Ringebu (Oppland), og mange stader sørover frå Oslo og Ringerike (Buskerud) til Hvaler (Østfold) og Kristiansand og Songdalen (Vest-Agder). Elles er han funnen i Flekkefjord (Vest-Agder), Bjerkreim (Rogaland) og mange stader frå Kvinnherad og Bømlo til Ulvik og Bergen (Hordaland) og i Førde (Sogn og Fjordane). Vidare veks han mange stader frå Vanylven (Møre og Romsdal) til Lierne og Namsos (Nord-Trøndelag) og fleire stader frå Hemnes og Nesna (Nordland) til Lyngen og Tromsø (Troms). Arten veks opp til 480 moh. i Ringebu (Oppland). Lækjepestrot kjem opphaveleg frå Europa og Vest-Asia.

Lækjepestrot veks gjerne på fuktige stader, som her i ein leirete skråning ned mot ei elv på Grilstad i Trondheim.

Kommentarar

Lækjepestrot er, lik dei andre artane i slekta, sokalla «funksjonelt særbu», det vil seie at ein finn rudiment (rester) av det andre kjønnet i blomane, men at desse er «ute av drift». Berre hannplantar er funne i Noreg, og arten spreier seg difor berre vegetativt, både gjennom jordstengelvekst og forflytting av jordmassar med bitar av jordstenglar.

Forvekslingar

Det veks fire artar i pestrotslekta i Noreg, og éin av desse – fjellpestrot Petasites frigidus – er fullt ut heimleg. Av dei tre andre er éin – kvitpestrot Petasites albus – kanskje heimleg nokre stader i Vest-Agder, men elles framand. Lækjepestrot Petasites frigidus og japanpestrot Petasites japonicus er begge framande.

Den heimlege fjellpestrota er ingen opplagd forveksligsart; ho skil seg frå dei andre i at ho har sommarblad som er trekanta i omriss mot runde til nyreforma hos dei andre. Fjellpestrot er den einaste arten med spreidd bukttanna sommarblad; dei andre har sommarblad som er tett butt- eller kvasstanna. Fjellpestrot har vidare få korger i halvskjerm, medan dei andre har talrike korger i halvskjerm eller klase. Korga hos fjellpestrot har tungeforma kantblomar, medan korga hos dei andre artane berre har røyrforma blomar.

Den heimlege fjellpestrota har, til skilnad frå dei andre artane i slekta, nokså få korger i ein halvskjerm.

Korgene hos fjellpestrot har dessutan tungeforma kantblomar som manglar hos dei andre artane i slekta.

Lækjepestrot skil seg frå kvitpestrot og japanpestrot i å ha snaue korgdekkblada mot finhåra hos dei to andre. Kronene hos lækjepestrot er vidare lyst raudfiolette, medan dei er kvite eller gulkvite hos kvitpestrot og lyst gulgrøne hos japanpestrot. Lækjepestrot skil seg, lik kvitpestrot, frå japanpestrot i at bladplata er rund til hjarteforma hos lækjepestrot og rund hos kvitpestrot medan ho er nyreforma og breiare enn lang hos japanpestrot. Lækjepestrot og kvitpestrot skil seg på behåring på undersida av bladplata. Lækjepestrot har blad som er grålodne på undersida (og som vert snaue som utvaksne), medan blada er kvitlodne på undersida hos kvitpestrot.

Kvitpestrot og japanpestrot skil seg i storleiken på skjelblada på vårstengelen: dei er 2–3 cm lange hos kvitpestrot, medan dei er opptil 10 cm lange hos japanpestrot. Kvitpestrot har korger i halvskjerm eller kort klase, medan japanpestrot har korger i tett halvskjerm. Kronene er kvite eller gulkvite hos kvitpestrot og lyst gulgrøne hos japanpestrot.

Sommarblada hos hestehov Tussilago farfara minner om sommarblada hos artar i pestrotslekta, og då kanskje særskilt sommarblada hos fjellpestrot Petasites frigidus. Sommarblada hos hestehov er noko hjarteforma, medan sommarblada er meir trekanta i omriss hos fjellpestrot. Bladundersida er dessutan tett og jamt håra hos fjellpestrot medan ho er meir grisse håra hos hestehov.

For sikker namnfesting av lækjepestrot er det naudsynt med bilete av bladomriss og bladunderside i tillegg til nærbilete av korga og korgdekkblada.

Kronene er kvite eller gulkvite, og alle er røyrforma hos kvitpestrot. Korgene er kortskafta og sit i halvskjerm eller ein kort klase.

Japanpestrot har talrike korger i halvskjerm eller klase, med berre røyrforma blomar med gulgrøne kroner.

Japanpestrot har langskafta, nyreforma sommarblad som er breiare enn lange og kan bli opptil 1 m breie. Her med ein gild medforfattar som målestokk.

Kvitpestrot har sommarblad som er om lag runde i omriss, med kvasse tenner og kvitloden underside.

Sommarblada hos hestehov kan minne noko om pestrotartane, særskilt fjellpestrot. Dei er noko hjarteforma hos hestehov og meir trekanta i omriss hos fjellpestrot. Bladundersida er dessutan tettare håra hos fjellpestrot og meir grisse håra hos hestehov.

Kjelder

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Fremstad E (2007), oppdatert av Fremstad E og Grundt HH 2012. Artsdatabankens faktaark: Japanpestrot Petasites japonicus. Faktaark nr. 248. Artsdatabanken.

Handeland S (1992). Forvilla artar av pestrot – Petasites L Mill. Blyttia 50(4): 163–166.