Bruk nøkkelen nedanfor, eller opne eit nytt vindauge (anbefalast for nyare mobile einingar).

Bestemmingsnøkkel til ballblomslekta Trollius

Dei tre ballblom-artene som er funne i Noreg, éin heimleg og to forvilla hageplantar, skil seg hovudsakleg i blomeform – bolleforma eller meir open – og i blomefarge – bleikgul til oransje. Det kan vere noko skilnad i kor mykje og djupt blada er delte, men dette går ikkje inn i nøkkelen. Nokre fleire artar av slekta blir dyrka, særleg smalballblom Trollius chinensis, med svært opne blomar. Dei kan òg bli funnen forvilla.

Korleis bruke bestemmingsnøklar?

Vurder svaralternativa i nøkkelen opp mot det som skal bestemmast, og vel det alternativet som passar. Finst det fleire enn to svaralternativ er det mogleg å velja bort karaktertrekka som ikkje passar. Du kan bla forbi spørsmål om karakterar du er usikker på, eller spørsmål det ikkje er mogleg å svara på. Du treng heller ikkje svara på alle spørsmåla eller svara i ei bestemd rekkefølge. Her finst mange vegar til målet! Ein god strategi er å svara på dei enklaste spørsmåla først. Når ein kjem til eit namneforslag, så må ein sjekke at omtale og bilde samsvarar med planta ein vil namnfeste.