Narrmarihandslekta
Anacamptis
Narrmarihandslekta er skild ut frå den tidlegare store Orchis-slekta og utgjer no om lag ein tredel av artane i gamle Orchis, etter at molekylære undersøkingar kring 2000 klarla grensa mellom desse to slektene (sjå Bateman m.fl. 2003).
Kjenneteikn
Artane av narrmarihandslekta kan sjå svært ulike ut, men nokre felles kjenneteikn er at dei ofte har kulerunde knollar, nokså mange blad på stengelen og dei øvre slireforma, og at blomestanden ofte er nokså kort. Blomane er rosa til bleikfiolette (i alle fall hos dei nordiske artane). Dei tre ytre blomeblada er noko vaksne saman ved grunnen og formar ein hjelm over leppa. Leppa vender nedover og er karakteristisk treflika. Pollenet sit i to pollinium.
Økologi og utbreiing
Anacamptis-artane veks i næringsrik eller baserik skog, kratt, grasmark og i rikmyr. Dei er utbreidde i store delar av Europa, Nordvest-Afrika og i Asia aust til Sentral-Asia. I den nyare avgrensinga har slekta 11 aksepterte artar (sjå “Plants of the World Online”), men berre éin i Noreg: narrmarihand A. morio. To andre artar veks søraust og sør i Sverige – salepsrot A. pyramidalis (L.) Rich. og myrmarihand A. palustris (Jacq.) R.M.Pridgeon, Bateman & M.W.Chase – den første òg ein stad i Danmark.
Kjelder
Bateman RM, Hollingsworth PM, Preston J, Yi-Bo L, Pridgeon AM og Chase MW (2003). Molecular phylogenetics and evolution of Orchidinae and selected Habenariinae (Orchidaceae). Botanical Journal of the Linnean Society 142: 1–40.
Plants of the World Online. Royal Botanic Gardens Kew. http://powo.science.kew.org/. Lasta ned 15/11/2021.
Siter nettsida som:
Elven R. Narrmarihandslekta Anacamptis Rich. www.artsdatabanken.no/Pages/325510. Lasta ned <dag.månad.år>.