Dei to skogfrue-artane vi har i norsk flora, er begge sjeldsynte, den eine mykje meir enn den andre, og dei er vakre. Dei er på eit vis eit eksotisk element i norsk skogflora.

Kjenneteikn

Skogfrue-artane har blomar der alle blomeblada vender framover, og der leppa ikkje stikk ut. Dei ser noko "nebbete" ut. Her kvit skogfrue frå Montseny i Catalonia, Spania.

Skogfrue-artane har ein kort, horisontal jordstengel med trevlerøter, og dei veks oftast i små bestandar med fleire skott saman (ulikt orkidéane med knoll). Stenglane har fleire blad, dei mest velutvikla øvst på stengelen. Blada er avlange og spisse. Blomestanden er eit allsidig, grissent aks. Blomane er nokså store og kvite eller rosa. Alle blomeblada er oftast noko bøygde saman. Leppa er trekanta og innknipen ved grunnen, og ho vender nedover. Blomen er utan spore. Pollenet sit i to pollinium.

Økologi og utbreiing

Skogfrue-artane er skogplantar og er knytta til noko til svært baserik skog, oftast edellauvskog eller kalkfuruskog i låglandet. Den norske utbreiinga er i låglandet frå sørlege Austlandet og langsmed kysten til kring munninga av Trondheimsfjorden i Sør-Trøndelag. Den globale utbreiinga omfattar tempererte og mediterrane delar av Europa og Nordvest-Afrika, tempererte delar av Asia aust til Japan og vestkysten i Nord-Amerika (berre éin art der). Det er 19 aksepterte artar i slekta, storparten i Asia. I Europa er det fem artar, to av dei funne i Noreg.

Forvekslingar

Det er ingen andre norske plantar som liknar på skogfrue-artane.

Kjelder

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Plants of the World Online. Royal Botanic Gardens Kew. http://powo.science.kew.org/. Lasta ned 16/11/2021.

Siter nettsida som:

Elven R. Skogfrueslekta Cephalanthera Rich. www.artsdatabanken.no/Pages/312252. Lasta ned <dag.månad.år>.