Artsdatabanken utviklar no ein breiare og meir systematisk metode for å identifisere framande artar som er såkalla dørstokkartar. Dette vil gi samfunnet eit betre kunnskapsgrunnlag for ein tidleg innsats mot framande artar.

Artsdatabanken har som oppgåve å skaffe kunnskap om framande artar i Noreg, og å vurdere kva økologisk risiko desse utgjer. Kunnskapen blir lagd fram i Fremmedartslista, som sist blei oppdatert i 2018.

Framandartslista 2018 omfatta ei vurdering av 1532 framande artar. Blant desse er også 319 dørstokkartar - artar som enno ikkje har kome til landet, eller som har kome til Noreg, men ikkje reproduserer sjølvstendig utandørs enno.

Artsdatabanken aukar innsatsen etter ny tiltaksplan

Asiatisk lauvtrebukk Anophlophora glabripennis er ein alvorleg planteskadegjerar som kan angripe ulike lauvtre. Arten er ikkje påvist i Noreg enno, men er funne i Finland og fleire andre europeiske land. Om den asiatisk lauvtrebukken kjem til Noreg kan det få store konsekvensar både økologisk og økonomisk. A. glabripennis vart i Fremmedartslista 2018 vurdert til å utgjere svært høg risiko.

Framande artar kjem til Noreg som eit resultat av menneskelege aktivitetar. Dette kan være bevisste handlingar, som til dømes planteimport, eller òg ein ubevisst import, som når ein art følgjer med i bagasjen din frå utlandet. Dette kan du lese meir om på Artsdatabankens nettsider om framande artar.

Kvart år blir det brukt store ressursar på å hindre spreiing og negative effektar av framande artar. Dette arbeidet er meir effektivt dess tidlegare i invasjonsprosessen innsatsen skjer, og det mest effektive av alt er å førebyggje at framande artar i det heile teke kjem til Noreg.

I Regjeringa si tiltaksplan "Bekjempelse av fremmede skadelige organismer" frå juli 2020 vert det framheva at det er naudsynt med ein ekstra innsats i tidleg fase, før nye framande organismar har fått etablert seg.

Artsdatabanken har no starta arbeidet med ei ny Fremmedartsliste, som etter planen vil bli lagt fram i 2023. Olga Hilmo i Artsdatabanken er prosjektleiar for dette arbeidet.

 - I det arbeidet som no ligg føre oss vil me gå meir systematiske fram for å finne mogelege dørstokkartar, seier Olga Hilmo. Me har mellom anna oppretta ein eigen komité av eksterne ekspertar med høg kompetanse på slike artar, for å jobbe med problemstillinga.

- Med dette auka fokuset ønskjer me å byggje opp eit betre kunnskapsgrunnlag for dørstokkartar, seier Hilmo, slik at tiltak kan bli satt inn så tidleg som mogeleg - i tråd med regjeringa si tiltaksplan.

Ei første utveljing av artar

Ekspertkomitéen vil i første omgang leite etter mogelege dørstokkartar i internasjonale databasar, og i ulike kjelder i naboland eller òg land som bioklimatisk liknar Noreg.

Lista vil verte supplert med artar frå overvakinga av kjende spreiingsvegar, som for eksempel planteimport, samt enkeltståande artar ekspertane har "fått nyss om".

Ei slik preliminær oversikt er eit viktig grunnlag for det vidare arbeidet med å identifisere dørstokkartar.

Horisontskanning etter dørstokkartar

Å risikovurdere alle potensielle dørstokkartar ekspertkomitéen finn vil vere utenleg, all den tid mange av desse aldri vil kome til å utgjere ein risiko for norske økosystem. Neste steg i arbeidet med dørstokkartar vil derfor vere å velje ut kven av desse artane som skal gå vidare til risikovurdering.

Artsdatabanken gav i 2020 Norsk institutt for naturforsking (NINA) i oppdrag å utvikle retningslinjer og kriterium som gjer ei slik utveljing mogeleg - ei såkalla horisontskanning.

Forskar Hanno Sandvik ved NINA har utvikla kriterium for horisontskanning, i samarbeid med Artsdatabanken og den svenske Artdatabanken. I tillegg har ei referansegruppe gitt innspel til arbeidet.

 - Horisontskanning av mogelege dørstokkartar baserer seg på ei vurdering av artane sitt etableringspotensial, òg den økologiske effekten dei kan ha, seier Hanno Sandvik.

- Det er arten sin skår på desse to kriteria som avgjer om han går vidare til full risikovurdering, avsluttar Sandvik.

Kriteria som er utarbeidd vil no stå sentralt i Artsdatabanken sitt vidare arbeid med å identifisere og risikovurdere dørstokkartar for ei eventuell plassering på Fremmedartslista 2023.

Kriterium for horisontskanning og forslag til metodiske tilpassingar for dørstokkartar kan du lese meir om i NINA-rapporten "Metoder for horisontskanning og risikovurdering av dørstokkarter".

I Sverige har bestanden av villsvin Sus scrofa hatt ein eksplosiv vekst på 2000-talet, eit resultat av at dyr har rømt frå oppdrett eller blitt sett ut i naturen. Samstundes som bestanden har auka i Sverige, har stadig fleire villsvin blitt observert i dei sørlege grensetraktene mot Noreg. På 1990-talet tok villsvin steget over dørstokken til Noreg for alvor. I dag har det etablert seg her i landet, og høyrer ikkje til i gruppa dørstokkartar. Villsvin vart i Fremmedartslista 2018 vurdert til kategorien høg risiko.