Artsdatabanken har lagt ned ein stor koordinerande innsats for å samle inn vitskaplege og norske og samiske namn på dei kjende artane i Noreg. Taksonomar – fagekspertar som jobbar med klassifisering av artar – leverer namnelister og redigerer namnedata i Artsnavnebase

Å lage ei oversikt over alle dei kjende artane våre, er eit stort arbeid. For å løyse oppgåva har Artsdatabanken knytt til seg ei rekkje ekspertar ved norske vitskaplege institusjonar, såkalla namneredaktørar, som kvalitetssikrar namna på både norske og utanlandske artar og artsgrupper. For tida har vi samarbeid med over tjue namneredaktørar som har ansvar for ulike artsgrupper i Artsnavnebase, namneregisteret vårt.

Namneredaktørane sitt arbeid handlar i stor grad om å fastslå kva vitskapleg namn som skal vere det korrekte og aksepterte for artar som tidlegare kanskje har figurert med fleire ulike namn. Når ein oppdagar nye artar for vitskapen må arten få beskrivelse og namn. Vegen fram mot eit endeleg godkjent artsnamn kan vere lang. Utarbeidinga av namna må skje i tråd med fastsette reglar for namngiving og klassifisering av artar (taksonomi).

Namneredaktørane samlar også inn og gir råd om populærnamn. Her er det ikkje like strenge reglar for kva som er korrekt namn. Artsdatabanken listar derfor eitt namn som tilrådd på bokmål og eitt på nynorsk (og eitt på nordsamisk der dette finst), og har moglegheit til å samle alle aktuelle populærnamn (også kalla trivialnamn) knytte til ein art i Artsnavnebase. Eksempel på dette kan vere dialektnamn.

Dersom det skal utarbeidast eit heilt nytt norsk namn på ein art – kanskje fordi arten er ny for Noreg og ikkje har hatt norsk namn før – er det etablert eit sett med prinsipp som skal følgjast. Desse prinsippa er utarbeidde av eit namneråd som blei vald av Artsdatabanken for å gi faglege råd om namn og slektskap til Artsdatabanken og namneredaktørane. Artsdatabanken vurderer for tida behovet for framleis å ha eit operativt namneråd.