Artsprosjekt: Moser i fjellet II – undersøking av nye område

Kunnskapen om mangfaldet av mosar i Noreg er ikkje tilfredsstillande, og spesielt veit vi lite om moseartar i fjellet. Dette prosjektet har som mål å oppdage nye moseartar i alpin sone, og DNA-strekkode desse. Arbeidet er ein oppfølgjar av prosjektet «Moser i fjellet», frå 2019–2022

Innhold

Av
Kristian Hassel
Utgiver
NTNU Vitenskapsmuseet
Last ned (5.17 MB, JPG)
Lappskaret, ein sidedal til Kirkesdalen i Målselv kommune i Troms. Dette er eit kalkrikt område med svært høg artsdiversitet av mosar.

Fakta om prosjektet

Prosjektnavn: Alpine bryophytes of Norway, exploring new areas and barcoding the species diversity II
Prosjektnummer: 3-24
Prosjektleder: Kristian Hassel
Institusjon: NTNU Vitenskapsmuseet
Periode: 2024–2027
Status: Pågår

Prosjektets formål

Av
Kristian Hassel
Utgiver
NTNU Vitenskapsmuseet
Last ned (5.28 MB, JPG)
Rosetorvmose Sphagnum warnstorfii Russow er ein av få torvmosar som trivs på rikmyr i fjellet.

Den store variasjonen i fjellnatur i Noreg, frå tørt til fuktig og frå sure til basiske bergartar, skaper levestader for mange moseartar. Mange av desse har vi ikkje oppdaga enno. 

Det primære målet med dette prosjektet er å finne nye artar av mose i utvalde fjellområde, der geologi og andre faktorar tilseier at det kan vere stort mangfald av alpine mosar. Dette kan vere artar som er nye for Noreg, eller også nye for vitskapen (funne for første gong i verda). 

Gjennom prosjektet skal det byggjast opp ny og betre kunnskap om Noregs alpine moseflora. Det skal lagast artslister for mosar i utvalde mosedominerte naturtypar. Listene kan brukast for å forbetre Artsdatabankens system for beskriving av natur, Natur i Noreg (NiN).

Eit anna mål for prosjektet er å samle ferskt materiale frå minimum 500 moseartar, som skal lagrast ved herbariet på NTNU Vitenskapsmuseet. 1000 prøver frå minst 500 taxa skal dessutan DNA-strekkodast. Dette vil vere eit viktig bidrag til ein større innsats for å strekkode norske moseartar.

Gjennomføring

Informasjonen om geografisk lokalisering av innsamla og observerte artar vil bli lagra i Artskart og GBIF, slik at han er tilgjengeleg for samfunnet. Artar som samlas inn fysisk vil bli inkludert i dei vitskaplege samlingane ved NTNU Vitenskapsmuseet.

Prosjektet vil rekruttera masterstudentar som vil få opplæring i fagfeltet bryologi, og då særleg i taksonomi og bevaringsbiologi. Det vil bli halde fem feltsamlingar der nasjonale og internasjonale ekspertar, saman med masterstudentar og medlemmer frå Moseklubben møtest.

Pohlia wahlenbergii
Av
Kristian Hassel
Utgiver
NTNU Vitenskapsmuseet
Last ned (5.34 MB, JPG)
Kjeldepåverka våtsnølægje dominert av kaldnikke Pohlia wahlenbergii i fjellområdet Halde sørvest for Alta i Finnmark.
Av
Kristian Hassel
Utgiver
NTNU Vitenskapsmuseet
Last ned (3.39 MB, JPG)
Piperensermose Paludella squarrosa er ein karakteristisk mose på rikmyr i fjellet i Skandinavia, men han er svært sjeldan i mange Europeiske land og truleg forsvunnen på dei gamle lokalitetane sine i England og Nederland.
Ptychostomum cryophilum
Av
Kristian Hassel
Utgiver
NTNU Vitenskapsmuseet
Last ned (4.41 MB, JPG)
Rosevrangmose Ptychostomum cryophilum er vurdert som sårbar (VU) på Norsk raudliste, og er ein fjellart knytt til snølægje og smeltevasspåverka miljø.