Her veks mykje kvitdodre på ein tørrbakke i Ringsaker i Hedmark.

Kvitdodre er ein framand art som har komen inn med ballastjord, såfrø og ulike transportmiddel. Han er no svært godt etablert og vanleg både på kulturmark og på ymse slag skrotemark i sørlege delar av landet. Arten er heimleg mellom anna lenger sør i Europa.

Kjenneteikn

Kvitdodre er ei to- til fleirårig urt med opprette stenglar opptil 40 cm. Planten er gråkvitt stjernehåra på blad, stenglar, begerblad og frukter, og med nokre lange, ugreina hår, særleg i blomestanden. Stengelen er greina eller ugreina med sitjande, heile og avlange blad. Blomestanden er ein klase som strekkjer seg svært mykje i fruktstadiet. Begerblada er ikkje sekkforma ved grunnen. Kronblada er store, 4,5–7,5 mm lange, kvite og kløyvde nesten ned til midten. Dei ytre pollenberarane har ei tann ved grunnen; dei indre er breie og avflata mot grunnen. Frukta er ei opprett, litt oppblåst, kortskulpe som ligg inntil eller sprikjer noko ut frå stengelen. Ho er elliptisk, med ein lang griffel på 1,5–3,5 mm og med skiljeveggen på langs. Skulpeveggane er utan tydeleg midtnerve. Det er to til seks frø i kvart skulperom.

Kronblada er store, kvite og kløyvde om lag ned til midten.

Blomestanden er ein klase som strekkjer seg svært mykje i fruktstadiet.

Frukta er ei opprett, litt oppblåst, elliptisk kortskulpe som ligg inntil eller sprikjer noko ut frå stengelen. Skulpeveggane er utan tydeleg midtnerve. Griffelen er lang.

Skiljeveggen i skulpe sit på langs, og det er to til seks frø i kvart skulperom.

Kromosomtal

Kvitdodre er diploid med grunntal x = 8 og kromosomtal 2n = 16. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Kvitdodre er framand og er komen inn med såfrø (gras og kløver), med ballastjord og i seinare tid med ulike transportmiddel. Arten var først funnen i 1847 på Økern i Oslo. Han er bufast og er fullt ut naturalisert på tørrbakkar og på tørr sand- og grusmark, og han er vanleg som ugras langsmed vegar, jernbanar og på skrotemark. Han veks oftast på nokså næringsfattig grunn, men har litt preferanse for baserik grunn der han er blitt vanleg på grunnlendt kalkmark. Han er framleis i auke, men har kanskje om lag nådd sitt potensielle areal i Noreg. Utbreiinga som bufast strekkjer seg frå boreonemoral til sørboreal sone, med meir ustabile førekomstar i nemoral og mellomboreal sone. Spreiinga har vore rask. Dei første 25–30 åra (1847–75) blei han funnen fleire stader kring Oslo–Drammen, i Mjøsområdet, på Ringerike og i Kristiansand. Dei neste 25 åra (1876–1900) blei arten nokså hyppig funnen på sørlege Austlandet, Sørlandet og Vestlandet nord til Sogn, og han dukka opp einskilde stader i Nord-Trøndelag og Nordland. Dei neste 50 åra (1901–50) blei han vanleg i varmare delar av Austlandet, Sørlandet, Vestlandet og kring Trondheimsfjorden, og med spreidde funn elles heilt nord til Alta (Finnmark). Dei siste 70 åra har det berre skjedd ei auke innanfor dei nemnde områda.

Kvitdodre er spreidd til lokalt svært vanleg på Austlandet inn til Tolga (Hedmark), Røros (Sør-Trøndelag), Sel (Oppland) og Hol (Buskerud) og på Vestlandet i indre fjordstrøk til Årdal, Luster og Førde (Sogn og Fjordane). Det er fleire funn langsmed Trondheimsfjorden frå Skaun (Sør-Trøndelag) til Steinkjer (Nord-Trøndelag). I nord er han meir tilfeldig og er funnen i Brønnøy, Alstahaug og Vestvågøy (Nordland), Harstad og Tromsø (Troms) og altså i Alta (Finnmark). Han er funnen heilt opp til 1000 moh. i Hol (Buskerud), men han er ikkje bufast så høgt oppe.

Kvitdodre er heimleg gjennom heile Mellom- og Sør-Europa og i Asia aust til Sentral-Asia, men han er rekna som framand i heile Nord- og Vest-Europa, inkludert på Dei britiske øyane. Han er kulturspreidd og nokså utbreidd i Nord-Amerika.

Kvitdodre er vanleg på skrotemark av ymse slag, her langs ein vegg på Tyholt i Trondheim.

Kvitdodre har her funne seg til rette i ein hage i Hokksund i Øvre Eiker.

Forvekslingar

Kvitdodre har ingen opplagde forvekslingar. Dei djupt kløyvde kronblada har kvitdodre berre sams med éin annan norsk krossblome, vårrublom Draba verna, og vårrublom er ein liten, eittårig og ikkje kvithåra plante med heilt annleis blome- og fruktstand og snaue, sprikjande frukter.

Kjelder

Al-Shehbaz IA (2010). Berteroa de Candolle. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 252–253.

Ball PW (1993). Berteroa DC. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 369–371.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/5/2022

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 13/12/2022

Rich TCG (1991). Crucifers of Great Britain and Ireland. BSBI Handbook 6. Botanical Society of the British Isles, London. 338 s.

Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.

Siter nettsida som:

Elven R og Hegre H. Kvitdodre Berteroa incana (L.) DC. www.artsdatabanken.no/Pages/345513. Lasta ned <dag.månad.år>.