Regionalt framande ferskvassfisk

I Framandartslista 2023 er 13 artar såkalla regionalt framande ferskvassfisk risikovurdert. Fleire av desse utgjer ein stor økologisk risiko i vatn og elvar der dei ikkje naturleg høyrer heime.

Innhold

Av
Jan Fekjan
Last ned (1.09 MB, PNG)
Den naturlege utbreiinga av sørv Scardinius erythrophthalmus er stort sett avgrensa til søraustlege delar av Austlandet. Sørv har blitt sett ut i fleire vassdrag, spesielt på Sørlandet og Sørvestlandet, fordi han er nytta som agn ved fiske etter ål. Med dagens forbod mot ålefiske er denne vektoren no mindre viktig. Sørv hatt store negative konsekvensar for fleire aurebestandar på Sørlandet.

Artar som høyrer heime i Noreg, men som har blitt flytta (introdusert) til nye stader i landet der dei ikkje naturleg høyrer til, vert rekna som regionalt framande.

Det er registrert over 3000 introduksjonar av fiskeartar i norske ferskvatn dei siste 50 åra, men mørketala er mest truleg store. Ei rekkje ulike artar er flytta, og dei fleste er framande i vassdraget dei blei flytta til.

Flytting av fisk – ein risikosport

Av
Jan Fekjan
Last ned (1.89 MB, PNG)
Abbor Perca fluviatilis er naturleg utbreidd på Austlandet og i austlege delar av Finnmark, men er flytta på av menneskje til nye vatn fordi den er ein populær sportsfisk. Arten er vurdert som regionalt framand i store delar av landet. Abbor er vurdert til å ha stor økologisk effekt, av di arten konkurrerer med heimehøyrande fisk om mat og plass, og han et virvelause dyr og amfibium.

Nokre introduksjonar av regionalt framande fisk skjer umedvitent, til dømes når artar blir feilbestemt sånn at feil art vert flytta (altså utilsikta). Dei fleste tilfella skjer likevel målretta, med varierande motivasjon.

Gjedde Esox luscius, gjørs Sander lucioperca og abbor Perca fluviatilis har til dømes blitt flytta til nye vatn fordi dei er attraktive sportsfiskar. Dette er rovfiskar som har ein klar negativ effekt på faunaen der dei blir introduserte, ved at dei et ei rekkje andre artar. Gjedde, gjørs og abbor er difor vurderte til å utgjere svært høg risiko SE.

Dei såkalla «fôr-fiskane«» er ei gruppe som er overrepresentert i oversikta over regionalt framande fisk. Dette er artar som flire Blicca bjoerkna, sørv Scardinius erythrophthalmus, krøkle Osmerus eperlanus og ørekyt Phoxinus phoxinus, som vert overført til nye vatn fordi dei blir brukte som agn, eller for å auke mattilgangen til attraktive sportsfiskar.

Spesiell ørekyt har hatt ein stor ekspansjon i Noreg, samtidig som dei økologiske effektane er godt kjent. Arten konkurrerer med aure om næringa, og er difor vurdert til å utgjere svært høg risiko SE i Framandartslista 2023.

Andre fôr-fisk, som dei små karpefiskane mort og sørv, kan endre heile økosystemet ved å beite i mudderbotnen for så å gjere frå seg i dei frie vassmengdene. Dette blir gjødsel til planteplankton, noko som gir eutrofiering av vatnet. Desse artane er difor vurderte til å utgjere respektivt høg HI og svært høg risiko SE.

art
Perca fluviatilis
LC
Livskraftig
art
Phoxinus phoxinus
LC
Livskraftig
art
Salvelinus alpinus
LC
Livskraftig

Konkurransesterk og framand 

Av
Jan Fekjan
Last ned (1.19 MB, PNG)
Det har sidan slutten av 1800-talet vore ei omfattande spreiing av ørekyt Phoxinus phoxinus utanfor det området arten naturleg høyrer til, og spreiinga av ørekyt er framleis betydeleg. Dette er hovudsakleg eit resultat av at fiskarar bruker levande individ som agn, og at resterande individ blir slopne fri. 

Det er lett å tenkje at ein norsk, men regionalt framand art, ikkje utgjer like høg risiko som ein framand art frå eit anna land eller verdsdel. Dessverre er ofte det motsette tilfelle, noko me kan sjå av at heile 11 av 14 regionalt framande ferskvassfisk har enda opp i kategoriane høg HI eller svært høg risiko SE.

Regionalt framande artar er gjerne betre tilpassa norske forhold, enn artar frå andre land. Dette gjer dei konkurransesterke i høve til artane som høyrer til dit deg kjem. Når dei blir introduserte til nye vatn der det lever heimehøyrande artar under allereie marginale forhold kan det føre til at desse døyr ut lokalt på grunn av aukande konkurranse.

Eksempelvis er røye Salvelinus alpinus tilpassa ein snever nisje med næringsfattig og kaldt vatn utan mange konkurrentar. Arten har gong på gong vist seg å bli fortrengt når nye konkurrentar dukkar opp, som til dømes regionalt framand sik Coregonus lavaretus.

Når ein art som er heimehøyrande i delar av Noreg blir spreidd til eit område der den ikkje høyrer til vil bestanden av arten ofte få ei eksplosiv auke i bestandsstorleik, noko som igjen kan endre heile økosystemet.

Eksplosiv vokster med store konsekvensar

Eit nyleg eksempel på dette finst i Storsjøen i Østerdalen, der krøkle blei introdusert rundt 2008. Etter dette har krøkle-populasjonen eksplodert, og dette har hatt negative effektar på bestandane av røye og sik av di dei har fått auka konkurranse om mat og leveområde.

I tillegg er det observert ei auke i førekomsten av parasittar som gjeddemark i kjøtet til auren som beiter på krøkla. Tilsvarande effekt kan me også vente oss ved spreiing av lagesild Coregonus albula. Krøkle og lagesild vert difor i Framandartslista vurderte til å utgjere respektivt høg HI og svært høg risiko SE.

Det er også spesielt høg risiko ved utsetjing av fisk i fisketomme vatn. Slike lokalitetar har ofte ein unik økologi som er svært sårbar om det blir introdusert fisk. Til dømes risikerer amfibium å bli utrydja om det kjem fisk til.

Av
Jan Fekjan
Last ned (821.74 KB, PNG)
Krøkle Osmerus eperlanus har vorte overført til nye innsjøar av menneska i den tru at det vil auke næringsgrunnlaget for annan fisk som til dømes aure. Krøkle et i hovudsak zooplankton og vil difor konkurrere med andre fiskeartar som et plankton (aure og sik). Krøkle har og vorte brukt som agn ved aurefiske og det har óg ført til at arten har dukka opp i områder der den ikkje høyrer naturleg til.

Aure – eit særtilfelle

I Noreg har det skjedd ei storstilt utsetjing av aure Salmo trutta til vatn der arten ikkje høyrer heime naturleg, og dette utgjer ein svært høg økologisk risiko. Kunnskapsgrunnlaget tyder på at regionalt framand aure var etablert i fleire vatn ved år 1800. Av den grunn blir ikkje arten risikovurdert, jamfør retningslinjene.

Like fullt er den pågåande utsetjinga av arten til nye vassførekomstar svært problematisk for heimehøyrande fauna. Spreiinga er også så omfattande over tid at det nærmast er ei umogeleg oppgåve å definere kvar arten er regionalt framand.

Av
Jan Fekjan
Last ned (1.4 MB, PNG)
Sik Coregonus lavaretus har naturlege førekomstar over store delar av Noreg, men den har òg blitt flytta på av menneskje. Mest på siste halvdel av 1800-talet, og tidleg 1900-talet. Det er relativt lite sannsynleg at arten vert introdusert til nye vassdrag i dag, men den kan spreie seg ved eigenspreiing i vassdrag han allereie er introdusert til. Sik konkurrerer med heimehøyrande fiskeartar der han har blitt introdusert.

Regionalt problem på nasjonalt nivå

Det er størst sjanse for spreiing av regionalt framande artar i dei sørlege delane av Noreg, men risikoen er i aller høgste grad også til stades nord i Noreg. Vi har framleis mange vassystem i Noreg som er relativt lite påverka av menneske. Dette er biologiske system som er intakte, og difor har stor verdi.

Det er viktig å redusere skadane som følgjer med regionalt framande fiskeartar, og dette blir gjort best ved å forhindre spreiing av slike artar i fyrste omgang. I tillegg er aure behandla i Framandartslista, men ikkje risikovurdert.

art
Blicca bjoerkna
LC
Livskraftig
art
Carassius carassius
LC
Livskraftig
art
Coregonus lavaretus
LC
Livskraftig
art
Osmerus eperlanus
LC
Livskraftig
art
Rutilus rutilus
LC
Livskraftig
art
Sander lucioperca
LC
Livskraftig
art
Scardinius erythrophthalmus
LC
Livskraftig
art
Perca fluviatilis
LC
Livskraftig
art
Phoxinus phoxinus
LC
Livskraftig

Regionalt framande ferskvassfisk som er risikovurdert

  • Flire Blicca bjoerknaSvært høg risiko SE
  • Karuss Carassius carassiusHøg risiko HI
  • Lagesild Coregonus albula Svært høg risiko SE
  • Sik Coregonus lavaretus Låg risiko LO
  • Kvitfinna steinulke Cottus gobio – Låg risiko LO
  • Gjedde Esox lucius Svært høg risiko SE
  • Vederbuk Leuciscus idusHøg risiko HI
  • Krøkle Osmerus eperlanusHøg risiko HI
  • Abbor Perca fluviatilis Svært høg risiko SE
  • Ørekyt Phoxinus phoxinus – Svært høg risiko SE
  • Mort Rutilus rutilusHøg risiko HI
  • Gjørs Sander lucioperca – Svært høg risiko SE
  • Sørv Scardinius erythrophthalmus – Svært høg risiko SE
Siteres som

Bærum K M (2023). Regionalt framande ferskvassfisk. Fremmede arter i Norge - med økologisk risiko 2023. www.artsdatabanken.no/pages/343153 Nedlastet dag/måned/år