Korgplanta kanadagullris er ein høg og riktblømande framand plante som blei innført nokså tidleg til landet som prydplante. Den gongen hadde ein neppe trudd at planten 200 år seinare skulle spreie seg slik han gjer langs vegkantar, jernbanar, og i meir naturlege miljø over store delar av landet, ved hjelp av både frø og jordstengelvekst. Arten kjem opphaveleg frå Nord-Amerika.

Kjenneteikn

Kanadagullris er ei fleirårig urt med krypande jordstenglar. Ho vert 50–120 cm høg. Som for slekta elles er stengelen rak og ugreina nedanfor blomestanden, og blada er skruestilte og sagtanna. Stengelen hos kanadagrullris er noko raudleg, snau aller nedst, men strihåra oppover. Grunnblada er smalt lansettforma med to sidenervar som går jamsides med midtnerven. Stengelblada er om lag linjeforma. Korgsamlinga er breitt pyramideforma med sprikjande greiner tett sette med korger på oversida. Korgene er ca. 5 mm lange med 2–3 mm langt korgdekke. Som for dei andre artane elles i slekta, har korga fleire lag korgdekkblad, og kantblomane er holege, medan skiveblomane er tokjønna. Korga hos kanadagullris har 10–17 gule kantblomar og 7–12 gule skiveblomar. Fnokken (sveveapparatet) er danna av eitt eller to lag jamlange og kort kanthåra hårstrålar (òg eit kjenneteikn for slekta).

Dei sprikjande greinene i korgsamlinga er tett sett med korger på oversida.

Kanadagullris syner seg gjerne fram om hausten og vinteren òg. Her visne stenglar frå Øvre Eiker i Buskerud.

Kromosomtal

Arten er oftast diploid med grunntal x = 9 og kromosomtal 2n = 18 (27, 36, 54). Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Kanadagullris er innført og vert dyrka som prydplante. Arten er forvilla i norsk natur (truleg først funnen på 1820-talet) og er bufast. Han er naturalisert i grasmark og i skogkantar og er elles eit vanleg syn på overlatt kulturmark, på vegkantar, langsmed jernbanar og på skrotemark der han dannar store, reine bestandar. Arten er hovudsakleg knytt til nemoral til sørboreal sone. Kanadagullris er nokså vanleg på Austlandet inn til Stor-Elvdal (Hedmark), Nord-Fron og Vestre Slidre (Oppland), Nes og Nore og Uvdal (Buskerud) og Tinn (Telemark). Arten er førebels meir spreidd til sjeldsynt i kyst- og fjordstrøk nordover til Steinkjer (Nord-Trøndelag) og er òg funnen i Vefsn (Nordland). Kanadagullris kjem frå sentrale og austlege deler av Nord-Amerika.

Kanadagullris veks gjerne på skrotemark av ymse slag, her i Svelvik i Vestfold.

Kommentarar

Hybriden mellom kanadagullris og heimleg gullris fotografert på Tøyen i Oslo. Korgene er større og færre enn hos kanadagullris og samla i ein litt smalare korgstand med greiner som sprikjer berre litt.

Kanadagullris kan hybridisere med heimleg gullris Solidago virgaurea, og hybriden (kalla Solidago ×niederederi) har nedsett fertilitet eller er steril. Han er i fleire av karakterane ein mellomting mellom foreldra, til dømes i lengd på korg, kantblomar og korgdekkblad og i bladform og bladnervatur. Hybriden er rapportert mange stader på Austlandet, men er truleg mykje oversett.

Slekta Solidago er artsrik med rundt 100 artar på verdsbasis. Dei aller fleste er heimehøyrande i Nord-Amerika. Slekta er delt inn i fleire grupper (underslekter, seksjonar og underseksjonar). Nokre artar som tidlegare har vore behandla som Solidago, er dessutan no splitta ut frå slekta på grunn av molekylære data. Dette gjeld til dømes skjermgullris, tidlegare Solidago graminifolia, som no heiter Euthamia gramifolia. Skjermgullris er funnen berre éin gong i Noreg, i Hurum (Buskerud) i 2004, her komen inn med tømmer.

Kanadagullris er ein av dei aller første introduksjonane av hageplanter frå Nord-Amerika til Europa og går heilt tilbake til før midten av 1600-talet.

Forvekslingar

Kanadagullris liknar på ein annan innført gullris-art frå Nord-Amerika, kjempegullris Solidago gigantea (begge to høyrer då òg heime i same subseksjon: Triplinerviae). Begge desse artane har sprikjande greiner i blomestanden og blad med to sidenerver jamsides med midtnerven, til skilnad frå heimleg gullris Solidago virgaurea som har opprette greiner i blomestanden og blad med mange sidenerver. Om lag heile stengelen er ruhåra hos kanadagullris, medan han berre er håra opp mot og i blomestanden hos kjempegullris. Stengelen er ofte litt raudfarga hos kanadagullris, medan han ofte er blågrøn hos kjempegullris. Korgdekket er 2–3 mm langt hos kanadagullris og 3–5 mm langt hos kjempegullris, og hovudsakleg kortare enn hos heimleg gullris som har 4–10 mm langt korgdekke. Kjempegullris har òg mindre utsperra greiner i blomestanden enn det kanadagullris har.

To andre artar i slekta er òg innførte som prydplantar, begge frå Nord-Amerika: Præriegullris Solidago ptarmicoides og strigullris Solidago rugosa, men desse er funne som forvilla berre einskilde gonger i Asker (Akershus) og Oslo og er lite trulege som forvekslingar. Præriegullris (seksjon Ptarmicoidei) er nokså særprega med kvite kroner og korger i halvskjerm. Strigullris (seksjon Solidago subseksjon Venosae) har blad (midtre stengelblad) med nerver i eit nettverk (ikkje 3-nerva som kanadagullris og kjempegullris).

For sikker namnfesting av kanadagullris er det naudsynt med gode bilete av stengelbehåringa, fyrst og framst nedst på stengelen. Elles er bilete av korgsamlinga og blad òg viktige.

Kjempegullris har snau stengel nedst (i motsetnad til kanadagullris) og blad med to sidenerver som går jamsides med hovudnerven (likt kanadagullris og ulikt heimleg gullris).

Kjelder

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Kabuce N og Priede N (2010). NOBANIS – Invasive Alien Species Fact Sheet – Solidago canadensis. www.nobanis.org. Lasta ned 13/09/2022.

Karpavičienė B og Radušienė J (2016). Morphological and anatomical characterization of Solidago ×niederederi and other sympatric Solidago species. Weed Science 64: 61–70.

Lid J og Lid DT (2005). Norsk flora. 7. utgåva, red. Elven R. Det Norske Samlaget, Oslo.

Pliszko A (2015). Neotypification of Solidago ×niederederi (Asteraceae). Phytotaxa 230 (3): 297–298.

Semple JC (2016). An intuitive phylogeny and summary of chromosome number variation in the goldenrod genus Solidago (Asteraceae: Astereae). Phytoneuron 2016-32: 1–9.

Semple JC og Beck JB (2021). Revised infrageneric classification of Solidago (Asteraceae: Astereae). Phytoneuron 2021-10: 1–6.

Semple JC og Cook RE (2004). Chromosome number determinations in fam. Compositae, Tribe Astereae. VII. Mostly eastern North American and some Eurasian taxa. Rhodora 106: 253–272.

Semple JC og Cook RE (2006). Solidago Linnaeus. I: Flora of North America Editorial Committee (Red.), Flora of North America north of Mexico. 20. Magnoliophyta: Asteridae (in part): Asteraceae, Part 2: 107–166. Oxford University Press, New York.