Det er få av våre sikkert heimlege artar som har døydd ut, førebels. Ein av desse, der vi er sikre både på at dei har vore heimlege og att dei er borte, er feittblad. Feittblad var svært sjeldsynt, veksestadene var svært sårbare, og planten fikk mykje oppmerksemd frå botanikarar (les: plantesamlarar). Vi veit ikkje om det var habitatøydelegging eller innsamling som knekte den siste kjente førekomsten, ved Kolebekkilen i Vf Tjøme, der planten sist blei sett (og samla) i 1936.

Kjenneteikn

Feittblad er ein liten og nokså audmjuk plante på opptil 20 cm. Han har ein nokså kraftig jordstengel med to sidestilte, avlange og knollforma utvekstar (pseudoknollar) i overgangen mellom jordstengel og stengel. Stengelen er stiv og trekanta i tverrsnitt, med to breie, tjukke og gulgrøne blad nedst. Blomestanden er eit grissent aks med nokre få, gulgrøne blomar. Blomeblada er smale. Leppa er jamlang med dei ytre blomeblada, heil og vender oppover. Blomen manglar spore.

Kromosomtal

Feittblad er diploid, truleg med to grunntal, x = 13 og 16, og kromosomtala 2n = 26 og 32.

Økologi og utbreiing

Feittblad voks i våt rikmyr på baserik grunn i kyststrøk i Søraust-Noreg. Arten har vore sikkert kjent berre frå fire lokalitetar kring Oslofjorden: ved Arekilen på Kirkøy i Øf Hvaler fram til 1920, ved Nesøytjønna i Ak Asker fram til 1920, og i Vf Tjøme på Vikerholmen fram til 1933 og ved Kolebekkilen fram til 1936 (for desse, sjå Størmer 1934). Det er òg samla inn materiale frå ein lokalitet “nær Løvkjern” i Bu Øvre Eiker i 1881, men for det første er det fleire “Løvkjern”, for det andre har materialet gått gjennom fleire samlarar før det endeleg hamna i herbariet. Det er nokre fleire rapportar frå “Oslo” (les: Oslo-området), men alle desse gjeld truleg Nesøytjønna i Asker, og frå “Dovre”, den siste svært usannsynleg. Den globale utbreiinga er amfi-atlantisk, i midtre og austlege Nord-Amerika, storparten av Europa og i Vest-Sibir.

Kommentarar

Årsaken til at arten forsvann fra Noreg er truleg ein kombinasjon av gjengroing då utmarkbeite opphøyrde, og uvettug innsamling av botanikarar. Berre i dei offentlege herbaria er det 20 innsamlingar frå Arekilen og 29 frå Nesøytjønna. Nesøytjønna er dessutan no eit lite hol med natur (Nesøytjern naturreservat) midt på den tett nedbygde Nesøya i Asker.

Forvekslingar

Feittblad liknar ikkje mykje på nokon annan norsk plante.

Kjelder

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Fægri K (1996). Liparis loeselii. I K Fægri og A Danielsen (red.), Maps of distribution of Norwegian vascular plants. III. The southeastern element: 71–72 + Pl. 25a. Fagbokforlaget, Bergen.

Størmer P (1934). Two new localities in Norway of Liparis Loeselii (L.) Rich. Nytt magasin for naturvitenskapene 75: 145.

Siter nettsida som:

Elven R. Feittblad Liparis loeselii (L.) Rich. www.artsdatabanken.no/Pages/325536. Lasta ned <dag.månad.år>.