Flugeblom er den einaste norske karplanten som har blomar som imiterer eit insekt og som blir pollinert ved narrepollinering (dvs. det å narre hanninsekt til å prøve og pare seg med blomen). Arten har ei svært oppdelt utbreiing i kalkområde i Noreg. Han må anten ha vore mykje meir utbreidd tidlegare, eller han må ha ei mykje meir effektiv frøspreiing enn vi veit (eller trur).

Flugeblom veks i baserik grasmark eller skog, her i ei eng i Skåne.

Kjenneteikn

Flugeblom er ei opptil 30–35 cm høg urt med to runde knollar, ein opprett stengel med nokre små slireblad nedst og 2–3 spatelforma til elliptiske stengelblad på nedre delen av stengelen. Blada er reint grøne og kortspisse, det øvste stundom redusert til berre ei slire utan bladplate. Blomestanden er ein grissen klase med (1) 2–9 blomar med smalt lansettforma støtteblad. Dei tre ytre blomeblada er grøne; dei to sidestilte står rett ut og er eggforma og butte til kortspisse, det øvre kortare og butt. Dei tre indre blomeblada er brunfiolette og silkehåra; dei to sidestilte er om lag trådforma, bøygde noko oppover og liknar antennene til eit insekt, medan leppa er treflika med to noko nedbøygde sideflikar og ein brei og tydeleg utranda midtflik som har ein om lag firkanta, gråfiolett og glinsande flekk på midten. Denne flekken minner om vengjene på eit insekt. Dei indre blomeblada simulerer ei hoe av to artar av graveveps-slekta Argogorytes, som sit på ein grøn “blome” forma av dei ytre blomeblada.

Flugeblom har nokre få, spatelforma eller elliptiske stengelblad og ein smal klase med nokså få blomar.

Blomen hos flugeblom har ei leppe som er toflika i enden, med to sideflikar, og som er brun med blålege merke som liknar på insektvengjer. To av dei andre blomeblada er smale og mørke og liknar på antenner hos insekt. Dei tre andre blomeblada er grøne. Heile blomen simulerer eit insekt som sit på ein grøn blome.

Kromosomtal

Flugeblom er diploid med grunntal x = 18 og kromosomtal 2n = 36.

Økologi og utbreiing

I Sør-Noreg finn ein oftast flugeblom i kalkfuruskog, ein tørr skogtype med svært baserik grunn, eller i naturtypar avleia frå slik skog (m.a. stundom i kalkbrott), men stundom òg i ekstremrikmyr. I Nord-Noreg finn ein oftare arten på open mark, på grunnlendt kalkmark eller på stabil sandmark med mykje skjelsand. Den norske utbreiinga er svært oppdelt. I sør har arten éin kjent førekomst på Enghaugberget i Øf Fredrikstad (og tidlegare kanskje éin i Hvaler) og ei oppdelt utbreiing på vestsida av Oslofjorden frå Te Bamble nordover til Bu Ringerike, og her er han funnen opp til 380 moh. i Bu Nedre og Øvre Eiker. I Midt-Noreg har arten fleire førekomstar langsmed Snåsavatnet i NT Steinkjer og Snåsa og ei lokalitetsgruppe i NT Nærøy. I Nord-Noreg er han kjent frå ei nokså kompakt gruppe av førekomstar i Salten i No Fauske, Beiarn, Gildeskål og Bodø. Utbreiinga er utførleg omtala hos Fremstad (2013). Utbreiinga er oppsplitta òg elles i Norden, m.a. i Sverige og Sørvest-Finland, med fleire lokalitetsgrupper nord til Åland og Uppland, og med ei stor gruppe i Jämtland aust for Trøndelag. Globalt er dette den vidast utbreidde arten av slekta, frå Spania og Italia nord til Nord-Noreg og Nordvest-Russland.

Kommentarar

Sjølv om orkidéane har støvfine frø som blir spreidde med vind, er utbreiinga til flugeblom – i Noreg og elles i Nord-Europa – for oppsplitta til at ho kan bli forklara berre med frøspreiing i dag. Planten veks i skog, myr eller på sandmark med mykje og nokså høgvaksen vegetasjon der vinden får lite tak, og frøspreiinga kan ikkje vere svært effektiv. Dessutan er arten, som andre orkidéar, avhengig av at frøa kjem i kontakt med hyfar av ein eigna sopp for spiring. Arten er sterkt knytta til område med svært baserik grunn, og slik grunn er sterkt oppsplitta i dag. I tidleg postglasial tid, med mykje baserike avsetningar etter at breane blei borte, var truleg baserik grunn mykje meir utbreidd enn i dag. Vi reknar difor med at utbreiinga i dag har eit relikt preg.

Forvekslingar

Inga forveksling er mogeleg.

Kjelder

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Fremstad E (2013). Ophrys insectifera L. I R Elven, E Fremstad og O Pedersen (red.), Distribution maps of Norwegian vascular plants. IV. The eastern and northeastern elements: 268–270. Akademika Publishing, Trondheim.

Pedersen HÆ og Faurholdt N (2007). Ophrys, the Bee-orchids of Europe. Kew Publishing, Kew. 297 s.

Siter nettsida som:

Elven R. Flugeblom Ophrys insectifera L. www.artsdatabanken.no/Pages/312235. Lasta ned <dag/månad/år>.