Stortviblad
Neottia ovata
Stortviblad er ein nokså vanleg orkidé i store delar av landet, med over 5000 postar i Artskart. Han er vanleg å finne i rik skog og rik myr på Austlandet, i Trøndelag og i Nordland nord til Salten, men òg mange stader lenger nord, og han er heller ikkje sjeldsynt på Vestlandet. Han er storvaksen og blir truleg ikkje lett oversett.
Dei to breie, motsette blada gjer at stortviblad er umiskjenneleg. Her på Gruvåsen i Drammen.
Kjenneteikn
Stortviblad er nokså grovvaksen, opptil 60 cm høg, med horisontal jordstengel og opprett stengel. Om lag midt på stengelen sit det to store, motsette, breitt eggforma blad som oftast er meir enn 4 cm lange. Blomestanden er frå 5 til meir enn 20 cm lang og er ein grissen klase med mange, grøne blomar. Storparten av blomeblada er små og bøygde innover, men leppa er lang og hengande, gulgrøn med to parallelle, butte flikar og ei nektarstripe langsetter midten.
Stortviblad har krypande jordstengel, to motsette, breie blad nede på stengelen, og ein lang klase der blomane sit på tydelege skaft.
Me gjer merksam på at dette er individ samla inn til bruk i museumsherbarium.
Her ser ein dei tydelege blomeskafta og den avrunda fruktknuten.
Leppa er lang, smal og toflika. Her ser ein òg, på den midtre blomen, dei to pollinia.
Opna kapslar, der frøa er spreidde.
Kromosomtal
Stortviblad er diploid med grunntal x = 17 og kromosomtal 2n = 34 (med opptil 8 B-kromosom). Teljingar er gjorde på norsk materiale.
Økologi og utbreiing
Stortviblad veks på baserik grunn i urterik skog (frå kalkfuruskog og edellauvskog til baserik fjellbjørkeskog), slåtteeng og beitemark, open hei i kyststrøk, rikmyr og myrkantar, og på fuktige vegkantar. Arten er nokså vanleg på Austlandet, Vestlandet, i Trøndelag og nord til Troms. Han er sjeldsynt eller manglar på stordelen av Sørlandet, i fjellkjeda sør for Dovrefjell, og i Nord-Troms og Finnmark, men han er funnen heilt aust til Fi Porsanger og kanskje til Tana. I Setesdal går han opp til skoggrensa, til 1050 moh. i AA Bykle, men hovudsakleg er han begrensa til skogbelta. Globalt er han utbreidd i heile Europa, òg i Island, og austover til Midt-Sibir og Himalaya.
Lågurtskog i Stjørdal, med stortviblad og skogsalat Mycelis muralis.
Forvekslingar
Det er ikkje mogeleg å forveksle denne arten.
Kjelder
Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo. 1255 s.
Siter nettsida som:
Elven R. Stortviblad Neottia ovata (L.) Bluff & Fingerh. www.artsdatabanken.no/Pages/312229. Lasta ned <dag.månad.år>.