Ein ukjend art i ordenen Ectocarpales. Han veks på ein anna brunalge.

Ectocarpales, Ralfsiales og Sphacelariales er tre brunalgeordenar. Mange av dei marine brunalgane er store og iaugefallande, men det er óg mange som er små og vanskelege og få auge på. Dei siste åra har det vorte funne fleire indikasjonar på at mangfaldet av artar langs norskekysten er større enn det man tidlegare har trudd, så no skal forskarane finne ut kor mange artar som veks her.

Det er truleg mange ukjende artar i dei tre algeordenane Ectocarpales, Ralfsiales og Sphacelariales. I desse gruppene ser det ut til å vere mange såkalla "kryptiske artar", og med det meinast at individ som ser ut til å vere meir eller mindre like viser seg å vere ulike artar. Ectocarpales er den største brunalgeordenen i Noreg, med 108 marine artar, og det er særleg her ein trur at det kan vera fleire kryptiske artar. Det skal óg bli retta eit spesielt fokus på dei små og skorpeforma artane. At ein alge har ein skorpeforma vekst tydar at den ligg klistra inntil underlaget det veks på, til dømes ein stein. Skorpeforma brunalgar finst i alle dei tre ordenane.

Dei marine algane skal bli samla inn frå tre strekningar langs norskekysten, slik at mange ulike naturtypar og breiddegradar blir dekte. Dei tre områda er Troms, Hordaland og frå Ytre Oslofjord til Kristiansand. Det er lettast å finne brunalgar om våren og sommaren, så det meste av innsamlinga skal gjerast då. Algane skal samlast inn i fjøra eller på grunt vatn. Dei fleste artane i målgruppene veks på stein, men nokre veks óg på andre algar eller på marine karplantar. I tillegg skal forskarane setja ut plater på grunt vatn, der ein reknar med at algane kjem til å etablere seg. Artsbestemmingar eller -beskrivingar skal gjerast ut frå morfologi og genetisk identifisering. For sikker artsbestemming av nokre artar blir det naudsynt å ta dei med til laboratoriet for å la dei vekse seg større først.

Det er svært få taksonomar som jobbar med brunalgar i Skandinavia, og dette prosjektet kjem til å styrke det norske taksonomiske fagmiljøet på brunalgar, og bidra til å rekruttere unge forskarar til fagfeltet.

Resultater

Gjennom å kartlegge havbunnen ved hjelp av trekantskrape flere steder på Nord-Hordaland og Sunn-Hordaland, samt innsamling i fjøra og sjøsonen, har forskerne funnet over 40 arter av Ectocarpales ordenen. Artslisten inneholder også en ubeskriven og krytisk art i slekten Petalonia. Arter som Scytosiphon lomantaria og Scytosiphon promisuus ser ut til å være vanlige i de undersøkte områdene.